18 sceneinnslag skapte ei flott og variert framsyning for dei mange frammøtte. Her vart det spelt på både piano, klarinett og fele, det var song og dans og film å sjå på. Fire rockeband kom på scena til slutt.
Sju ungdommar stilte ut ti kunstverk. Det var mykje fint innan både teikning, måleri, foto og saum.
Publikumsprisen for utstilling gjekk til Ingar Dahl Frostad for biletet "Heilt Grøn", sett saman av fleire foto.
Publikumsprisen for scene gjekk til bandet TraJ med låten Toss the feathers, ei blanding av folkemusikk og rock. Bandet består av Thea Marie Ytterdal, fele, Andreas Nærø, gitar, Runar Engeset Andersen, gitar, Jonatan Uranes, bass og Jørgen Gjerde, trommer.
10-12 deltakarar over 13 år blir sendt vidare til fylkesmønstringa som skal vere i Haram 19.-21. mars. Det er den lokale juryen som lagar prioriteringsliste for denne vidaresendinga. Kven som går vidare blir offentleggjort fredag 19. februar. Dette er felles for heile fylket.
Vi minner likevel om at UKM først og fremst er ei mønstring, og ikkje ein konkurranse.
Mønstringa blei avslutta med konsert med Elfap.
Elfap var deltakar i UKM Norddal 2009. Dei blei populære og vann publikumsprisen. Elfap blei også sendt vidare til fylkesmønstringa. Dei spelar irsk-inspirert musikk, og har det siste året hatt mange speleoppdrag i distriktet. Sist dei var hos oss var under Ung helg i Tafjord i september. Elfap har 6 medlemmar frå Valldal, Skodje og Ålesund.
Arrangør for mønstringa var Norddal kommune i samarbeid med 9.-10. klasse ved Eidsdal skule. Inntekta som elevane fekk skal gå til skuletur til Polen i april.
Sjå linkane nedanfor for meir informasjon.