|
|
|
Ung fredag og kurs for ungdomsråd
Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus fredag 29. januar kl 1930-2100. I forkant av dette blir det kurs for ungdomsråd på rådhuset.
Publisert av
Kristi Linge Stakkestad.
Sist endra 28.01.2010
Det er ungdomsrådet i Norddal som arrangerer kurset. Dei har invitert medlemmar i ungdomsråda i Ørskog, Stordal og Stranda.
Pernille Dale frå Norddal, tidlegare medlem av Ungdomspanelet i fylket, er kursleiar. To representantar frå Ungdomspanelet blir med og orienterer om arbeidet sitt.
Tema for kurset er korleis arbeide i ungdomsråd og oppgåver og ansvar for medlemmane i rådet.
Etterpå er gjestane frå dei andre ungdomsråda invitert til å vere med på Ung fredag. Arrangementet går som vanleg med rockeverkstad i kjellaren, bordtennis og playstationspel i gangane og ballspel i salen.
Ferje frå Eidsdal kl 1900, rutebuss til Sylte. NB! Returskyss til ferja.
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|