|
|
|
Fredag 29. januar var 26 ungdommar samla til kurs for ungdomsråd i Valldal. Ungdomsrådet i Norddal var arrangør, og dei hadde invitert ungdomsråda i Stordal, Ørskog og Stranda.
Publisert av
Kristi Linge Stakkestad.
Sist endra 19.02.2010
Pernille Dale var kursleiar. Ho er tidlegare leiar i Norddal ungdomsråd og ho var også fram til hausten 2009 medlem i Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.
Vi hadde også besøk av Jenny Venås frå Volda. Ho kom som medlem i Ungdomspanelet (UP)og kontaktperson mellom UP og Norddal og Stranda kommunar. Ho er også leiar i Volda ungdomsråd, og delte sine erfaringar frå det arbeidet med oss.
Tema for kurset var
- Korleis arbeide i eit ungdomsråd
- Oppgåver og ansvar for leiar og andre i rådet
- Møtekultur
- Informasjon om Ungdomspanelet
Pernille var ein kunnskapsrik kursleiar med erfaring frå slikt arbeid, og ho utfordra kursdeltakarane til å delta i diskusjonen både i plenum og i gruppearbeid.
Det vart servert pizza og sjokoladekake, og gjestane var invitert til å vere med på Ung fredag med konsert på samfunnshuset etterpå. Nokre nytta seg av dette.
Vi har fått tilbakemelding om at mange synest det var ein lærerik ettermiddag. No står det at å sjå kva dette fører til i praksis i ungdomsråda i kommunane våre.
Eit konkret resultat av kurset var at det var semje om å arbeide for eit felles ungdomsarrangement for indre Sunnmøre. Leiarane vil arbeide vidare med å setje ned ei arbeidsgruppe for dette.
|
|
|
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|