toppnk03(1).jpg
Ungdomsrådet til Geiranger
Ungdomsrådet 2010

Tysdag 20. april reiser ungdomsrådet i Norddal til Geiranger for å vere tilstades på Fylkestinget til Møre og Romsdal. Det er prosjektgruppa Tausaløftet som inviterer.

Publisert av Kristi Linge Stakkestad. Sist endra 15.04.2010

Tausaløftet har organisert skyss, servering og innhald for dagen. Ungdomsrådet skal, i tillegg til å vere tilstades i fylkestingssalen, også få ei orientering om verdsarvstiftinga og omvisning i Fjordsenteret.

Både medlemmer og varamedlemmer i ungdomsrådet er invitert.

Ungdomsrådet håper å vere tilstades under behandling av sakene om vedtektsendring for Ungdomspanelet og om framtida for Ørskog vidaregåande skule. Etter opprinneleg plan skal desse sakene behandlast tysdag ettermiddag, men det er usikkert om det blir slik. 

Kontaktinformasjon
Norddal kommune
Pb. 144, 6211 Valldal
Vakttelefon 416 13 373 
 
post@norddal.kommune.no
 
 
Telefon : 70258800
Faks : 70258801
Org.nr. : NO939396268
     
Validator
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther