toppnk03(1).jpg

Ung fredag

Logo Ung fredag

Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus fredag 23.april kl 1930-2300. Ung fredag er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse og oppover. Denne fredagen blir det spesielt sett fokus på rus.

 

Publisert av Kristi Linge Stakkestad. Sist endra 22.04.2010

Frode Tafjord frå Ålesund snakkar om rus, om val vi må ta for livet vårt, og konsekvensane av vala. Dotra hans døydde av ein overdose narkotika for to år sidan. Han brukar no mykje av tida si på å kjempe mot narkotika.

Det blir også besøk av Karstein Vedøy og ein tidlegare Bandidos medlem.

Kl 1930-2030 blir det ope temamøte for føresette og andre på skulen.

Ferje frå Eidsdal kl 1900. NB! Rutebuss frå Linge kl 1910. NB!Returskyss til ferja som går frå Linge kl 2305. (Eventuell tidlegare returskyss kan avtalast same kveld.)

Vi oppmodar om å bruke Trygt heim for ein 50-lapp på begge sider av fjorden.

Arrangør er ungdomsrådet i smarbeid med kyrkja og Byggjeklossen (tverrfagleg gruppe for barn og unge i Norddal)

Kontaktinformasjon
Norddal kommune
Pb. 144, 6211 Valldal
Vakttelefon 416 13 373 
 
post@norddal.kommune.no
 
 
Telefon : 70258800
Faks : 70258801
Org.nr. : NO939396268
     
Validator
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther