toppnk03(1).jpg

Ung fredag

Logo Ung fredag
Publisert av Kristi Linge Stakkestad. Sist endra 26.01.2010

Ungdomsrådet i Norddal vedtok i møte 26.10.06 oppstart av arrangementet Ung fredag for ungdom i Norddal kommune.

Ung fredag er eit arrangement for ungdom frå 8. klasse til 18 år. Vi inviterer spesielt ungdom på indre, Norddal kommune + Geiranger, Liabygda og Stordal, men andre er sjølvsagt også velkomne.

Ungdomsrådet i Norddal er arrangør i samarbeid med kyrkja.

Det er Ung fredag om lag ein fredag i månaden. Aktivitetar er playstationspel som SingStar, GuitarHero og Buzz, airhockey og bordtennis. Når det er Ung fredag på Valldal samfunnhus er det ballaktivitetar i gymsalen og rockeverkstad i kjellaren i tillegg. Kiosk. Det er Ord for dagen kl 2100, og konfirmantane har eige opplegg i samband med det.

Det er Ung ung fredag to gongar i året. Det er eit tilbod til 5.-7. klasse.


NB! Ny tid for Ung fredag i Valldal: kl 1930-2300. Ferje frå Eidsdal kl 1900. Rutebuss til Sylte. Gratis skyss tilbake til ferja kl 2305. Eventuell tidlegare returskyss kan avtalast same kveld.

Ung fredag i Eidsdal: Ferje frå Linge kl 1915 eller kl 2000. Retur med ferje frå Eidsdal kl 2230 eller kl 2255.

Dette er førebyggande arbeid for å skape eit rusfritt og inkluderande ungdomsmiljø for heile kommunen. Det er også viktig at ungdommen trivst i bygdene våre og får gode relasjonar til heimstaden sin. Ung fredag er eit arrangement med låg terskel der det er høve til berre å vere, utan krav om å prestere noko, som det gjerne er i organiserte tilbod.

Kontaktinformasjon
Norddal kommune
Pb. 144, 6211 Valldal
Vakttelefon 416 13 373 
 
post@norddal.kommune.no
 
 
Telefon : 70258800
Faks : 70258801
Org.nr. : NO939396268
     
Validator
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther