|
|
|
|
God Helse
Folkehelsekoordinator Kristi Linge Stakkestad arbeider i 50 % stilling. Dette er ei prosjektstilling fram t.o.m. 2009. Ho har kontor på rådhuset.
Norddal kommune er ei av 16 kommunar i Møre og Romsdal som har inngått kontrakt med Fylket om å fokusere spesielt på folkehelse i eit breidt perspektiv. Satsingsområda er: psykisk og fysisk helse, ernæring, rus og tobakk. Stakkestad skal koordinere og leggje til rette for ulike tiltak for alle aldersgrupper, både vidareutvikling av eksisterande tilbod og starte nye tilbod.
God Helse
 Publisert 17.08.2010
Torsdag 19.august går turen frå parkeringsplassen på Hatlestad i Norddal. Turen går etter grusvegen mot Rellingsetra, ca 600 meter, før ein tek av på rås mot Hatlestadsetra.
 Publisert 05.07.2010
Torsdag 8. juli er vekas tur ei kulturvandringa til minnesteinen i fjellet ovanfor Rønneberg i Eidsdal, 950 moh. Oppmøte i Gjerda på Rønneberg kl 18.00.
 Publisert 05.07.2010
Kvart år fordeler kulturdepartementet tilskot frå spelemiddeloverskotet til anlegg for idrett og friluftsliv. For 2011 må søknad om førehandsgodkjenning av anlegg vere kommunen i hende innan 1. oktober 2010.
 Publisert 29.06.2010
Torsdag 1. juli blir det kulturvandring til det flotte utsiktspunktet Flyene, ovanfor Onilsavatnet i Tafjord. Det blir også tid til ein avstikkar til Øynalia, der det for hundre år sidan blei brote ut titanjernmalm.
 Publisert 22.06.2010
Denne vekas tur går til dei fråflytta fjordgardane Osvika og Kastet, på hi sida av fjorden for Fjørå. Torsdag 24. juni kan du bli med på ei vandring i spora etter farne tider. Nytt høvet til å bli kjent med ein del av lokalhistorien vår. Det blir organisert båtskyss frå Fjørå.
 Publisert 15.06.2010
Ungdomsrådet i Norddal og Midtsommardagar 2010 inviterer til Camp Norddal, ein friluftscamp for ungdom i alderen 8. kl.-18 år. Camp Norddal blir arrangert i Dalsbygda/Norddal 26.-27. juni. Påmeldingsfrist er fredag 18. juni!
 Publisert 08.06.2010
Tordag 10. juni er vekas tur ei kulturvandring på gamlevegen frå Rødal til Øyna i Tafjord. Vegen ligg fint til i eit dramatisk landskap, og er i seg sjølv ei oppleving. Dessutan byr fotturen på overraskingar, mellom anna høyløa som var ein tur til Paris i 1980. Oppmøte på parkeringsplassen ovanfor Onilsavatnet kl 18.00.
 Publisert 01.06.2010
Torsdag 3. juni blir det høve til eit luftig utsyn over Sylte i Valldal. Det er bratt opp, men med ei flott utsikt. Oppmøte på hamna kl 1800. Vel møtt på tur!
 Publisert 25.05.2010
Torsdag 27. mai opnar Vekas tur-sesongen med tur til Kilsti. Bratt både opp og ned, men flott utsikt! Oppmøte på ferjekaia i Eidsdal kl 18.00. Det vil bli turar til ulike turmål i kommunen kvar torsdag framover.
 Publisert 07.05.2010
Tema for verdas aktivitetsdag 2010 er fysisk aktivitet for eldre. Fredag 7. mai blir dagen markert med bøy og tøy og informasjon på eldreinstitusjonane i kommunen og på Seniortreff på Kraftsenteret.
 Publisert 28.04.2010
Laurdag 24. april var det aktivitetsdag på Valldal samfunnshus. Det var liv og løye både ute og inne, og 42 fornøgde deltakarar kunne dra heim med diplom for gjennomført dag.
 Publisert 22.04.2010
Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus fredag 23.april kl 1930-2300. Ung fredag er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse og oppover. Denne fredagen blir det spesielt sett fokus på rus.
 Publisert 22.04.2010
Det blir det aktivitetsdag på Valldal samfunnshus laurdag 24. april. 42 deltakarar frå Norddal og nabokommunane våre er påmeldt. Det blir mellom anna hinderløype, natursti, boccia, mat og dans.
 Publisert 22.04.2010
Det blir ope møte om rus på Valldal skule fredag 23. april kl 1930-2030. Foredrag ved Frode Tafjord, som fortel om si erfaring som far til ein rusmisbrukar.
 Publisert 19.03.2010
Nasjonalforeninga for folkehelsen arrangerer Petter Puls hoppetaukonkurranse for 4.-7. klasse. Konkurransen varer 20.-30. april, og elevane får poeng for kvar gong dei hoppar tau på skulen.
 Publisert 17.03.2010
Fiskesprell er namnet på Helsedirektoratet si satsing å auke bruken av fisk og sjømat i barnehagane. tysdag 1. mars var barnehagane i Norddal invitert til kurs på Sjøholt skule.
 Publisert 08.03.2010
Frivillege lag og foreningar kan søke om tilskot til lokale og regionale tiltak lavterskel fysisk aktivitet. Søknadsfrist er 15. mars.
 Publisert 04.03.2010
Frivilligsentralen og kulturskulen inviterer til musikkgruppe for barn 0-1 år. Tilbodet startar opp etter påske.
 Publisert 19.01.2010
Det er foreldretreff på Kraftsenteret annankvar torsdag kl 1000-1200. Små og store er velkomne til mat og prat.
 Publisert 20.10.2009
Denne veka kan du ta med deg barnet på foreldretreff, strikketøyet på Trådsnella eller ein kaffitørst venn på kafe.
 Publisert 17.09.2009
Fredag 11. og laurdag 12. september var om lag 75 ungdommar samla i Tafjord til Ung helg 2009. Paintball, sumobryting, dans, Elfap og Amish Society var nokre av stikkorda for helga.
 Publisert 26.08.2009
Denne veka går turen til Kallsethaugen i Herdalen. Ein lett tur mellom mektige fjell. Oppmøte på parkeringsplassen på Herdalssetra torsdag 27. august kl 1845. Merk tida.
 Publisert 18.08.2009
Viss ikkje, har du høve torsdag 20. august. Då går vekas tur til Hoelsætra og Raudhammaren i Valldal. Oppmøte på Holsbrua kl 1800. Nytt høvet til å bli betre kjent i kommunen vår. Bli med på tur!
 Publisert 14.08.2009
Kraftsenteret og Frivilligsentralen i Norddal har opna att etter ferien. Tysdag, torsdag og fredag frå kl 11.00 til kl 15.30 er det open kafe med sal av kaffi og vaflar.
 Publisert 16.07.2009
No har du høve til å bli betre kjent i eigen kommune og i nabokommunane. Friluftsrådet for Ålesund og omland har gitt ut ei brosjyre med 75 ulike turar i medlemskommunane. Her finn du alt frå toppturar til fjørevandringar.
 Publisert 06.07.2009
Vekas tur torsdag 9. juli er ei synfaring til sprekka i Hegguraksla. Det vert ei spennande vandring i luftig terreng innanfor Fjørå. Oppmøte på parkeringsplassen på Hauge kl 1730.
 Publisert 02.07.2009
Torsdag 2. juli byr vi på ein tur med storslått utsikt; ei naturvandring frå Kilsti i Eidsdal til øvste Ospahjellen. Oppmøte og parkering på Kilsti kl 1800.
 Publisert 23.06.2009
Vekas tur torsdag 25. juni blir ei naturvandring til Vikasetra på sørsida av Norddalsfjorden/Tafjorden. Oppmøte på kaia i Fjørå kl 1730. Det blir organisert båtskyss, så dette er eit flott høve til å kome seg til ei seter mange sjeldan eller aldri kjem seg til elles.
 Publisert 18.06.2009
Denne vekas tur blir ei kulturvandring i Heggen i Valldal torsdag 18. juni kl 1800. Her går vi på gamle stiar dit hoppbakken Heggelibakken låg, ein av dei største hoppbakkane i landet på 1930-talet. Vi får også høyre spennande oppdrettshistorie frå 1920-talet.
 Publisert 10.06.2009
Torsdag 11. juni har du høve til å verte betre kjent i Eidsdal. Denne vekas tur er ein rundtur fram til Veiberg og ned att, og du kan skrive deg inn i to trimbøker! Oppmøte på ferjekaia kl 1800.
 Publisert 04.06.2009
Torsdag 4. juni går Vekas tur frå Lingåsen til Åsesætra og Berdalssætra og ned til Berdal. Oppmøte på parkeringsplassen i Lingåsen kl 1800.
 Publisert 22.05.2009
Torsdag 28. mai går startskotet for Vekas tur sommaren 2009. Denne første dagen blir det kulturvandring langs den gamle Hallstadvegen (Fjellvegen) i Norddal. Oppmøte på skulen kl 1800.
 Publisert 09.03.2009
Frivillege lag og foreningar kan søke fylket om tilskot til tiltak innanfor fysisk aktivitet. Søknadsfrist for 2009 er 15. mars.
 Publisert 27.08.2008
Bli med på synfaring til sprekka i Hegguraksla torsdag 28. august. På årets siste vekas tur er det oppmøte på parkeringsplassen på Hauge kl 1730. Ta med godt ver og gode sko!
 Publisert 19.08.2008
Torsdag 21. august blir det høve til å lufte fjellskoa og få vidt utsyn over nokre av Eidsdalsfjella. Då blir det guida tur med kjentkvinne til Smogereset. Oppmøte på Rønneberg i Eidsdal kl 18.
 Publisert 06.08.2008
Torsdag 7. august (NB! Ny dag!) går vekas tur til Daurmålsfjellet i Norddal. Oppmøte og parkering på Rellingsetra kl 18. Turen tek om lag tre timar og høver for alle.
 Publisert 01.08.2008
Torsdag 7. august er vekas tur i gang igjen etter ferien. Denne dagen går turen til Daurmålsfjellet i Norddal.
 Publisert 01.07.2008
Så er det tid for sesongens andre vekas tur. Onsdag 11. juni går ferda først til Kilsti i Eidsdal, og så vidare til fjells til Blåhornet og Flåna. Oppmøte på Gjerdeneset kl 18.
 Publisert 01.07.2008
Rundtur: Lilleås - Lilleåsskagen - Storåsnakken Onsdag 25. juni kl. 19.00 Start: Parkeringsplassen på Lilleås Turleiar: Gunnvor Hatlestad Turen tek om lag 1,5 -2 timar
 Publisert 30.06.2008
Syltemoa - Døving - Uri - Jamtegarden - Syltemoa Onsdag 2. juli kl. 1900 Start: Valldal skule Turleiar: Liv Bersås Turen tek om lag to timar. Ferje frå Eidsdal kl 1840.
 Publisert 17.06.2008
Onsdag 18. juni går turen til det flotte utsiktspunktet Flyene, ovanfor Onilsavatnet i Tafjord. Vi følgjer turistråsa mellom Kaldhussætra og Reindalen. Oppmøte kl 18.
 Publisert 02.06.2008
Det blir Vekas tur ti onsdagar i sommar. 4. juni går turen til Linge og Lingås. Oppmøte på parkeringsplassen ved badestranda på Muri kl 18.
 Publisert 28.05.2008
"Røykfrie arbeidsplassar" er i år tema for Verdas tobakksfrie dag. Den siste arbeidsdagen i mai vert tilsette i offentleg og privat sektor oppfordra til å stumpe røyken eller kaste snusen.
 Publisert 28.05.2008
Tursesongen er godt i gang. God Helse Norddal vil også i år organisere kveldsturar til kjente og mindre kjente perler i kommunen vår. Årets første vekas tur går til Linge og Lingås onsdag 4. juni.
 Publisert 15.05.2008
I april blei det arrangert temakveldar om kosthald i Valldal og Eidsdal. Målgruppe var tilsette og føresette ved skulane og barnehagane i kommunen.
 Publisert 13.05.2008
Nasjonalforeningen for folkehelsen arrangerte i april Petter Puls hoppetaukonkurranse for elevar i 4.-7. klasse. Alle skulane i kommunen vår deltok. God Helse Norddal arrangerte i tillegg ein lokal konkurranse.
 Publisert 08.05.2008
Tilsette i Norddal kommune fekk i fjor førstehjelpssekkar til jul. I tillegg fylgde tilbod om førstehjelpskurs. Ni kurs er no gjennomført.
 Publisert 11.04.2008
Frivillige organisasjonar kan søke om støtte til arbeid med fysisk aktivitet. Søknadsfrist er 13. mai.
 Publisert 08.04.2008
God Helse Norddal, i samarbeid med barnehagane og skulane, inviterer til temakveld om kosthald. Valldal skule måndag 14. april og Eidsdal skule måndag 28. april kl 1900 - 2130.
 Publisert 07.02.2008
Norddal Idrettslag set opp buss til alpinbakken på Overøye kvar tysdag kveld. Dei har plass til fleire, og inviterer difor folk frå dei andre bygdelaga i kommunen og Geiranger til å vere med.
 Publisert 24.01.2008
Synest du det er tungt å kome i gang med trening og aktivitet i kvardagen? Norddal kommune har no starta opp Aktiv på dagtid, eit aktivitetstilbod for deg som er i heime på dagtid. I samarbeid med Kraftsenteret og Muritunet tilbyr vi tre mosjonstilbod kvar veke.
 Publisert 21.09.2007
Kva tiltak gjer folk langtidsfriske? 5. oktober blir det konferanse på Molde om korleis fysisk aktivitet verkar helsefremjande og lønnsamt for arbeidslivet. Innleiing ved Carsten O. Five. Dette er også starten på 1-2-30-strategien i Møre og Romsdal. Konferansen er for næringslivet, offentlege etatar, skular og frivillege organisasjonar.
 Publisert 09.07.2007
Onsdag 11. juli kl 1900 går turen til Hesjedalshaugen i Eidsdal. Ferje frå Linge kl 1820. Vi starter frå Korsmyra og følgjer grusvegen oppover Gråsteindalen. Etterkvart tek vi av vegen og starter sjølve oppstiginga til toppen. Denne går på mark og i lyng med slak oppstigning. Frå toppen av Hesjedalshaugen er det flott utsikt over øvre Eidsdal. Turen tek om lag 2 ½ time, og turleiar er Einar Tafjord.
Velkomen på tur!
 Publisert 03.07.2007
Norddal kommune satsar på God Helse, også for dei tilsette. Frå 1. juli har ein høve til å nytte sykkelen din som framkomstmiddel i løpet av arbeidsdagen, og få same godtgjering for det som ved bruk av eigen bil. Dette gjeld for avstandar mellom 2 og 10 km totalt.
 Publisert 30.05.2007
Arbeidet med tilrettelegging av stiar og produksjon av kart går framover. Tekstdelen er mest klar, og det blir arbeidd med å plukke ut aktuelle bilder. Det er no tid for å kome seg ut i terrenget att med GPS for å få dei registrert
|
|
|
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|