Forvaltning, drift og vedlikehald

Ras
Forvaltning, drift og vedlikehald (FDV) tek seg av drift av bygg og anlegg i kommunen. Leiar er Yngve Hovden. Verksemda har 13 årsverk fordelt på ulike fagområder.

Kommunen har ei betydeleg verksemd innanfor dette fagområdet. Døme kan vere ca. 45 km veg, 14 km vassledningar og 12 km avløpsledningar, eit stort antal friområder, friluftsbad, renovasjon, vassverk og mange bygg.
Forvaltning, drift og vedlikehald har ansvar for:
  • Renovasjon

  • Vatn

  • Kloakk

  • Feiing

  • Drift og vedlikehald av kommunale vegar

  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg

  • Drift og vedlikehald av kommunale park- og friområder


  • Har du behov for hjelp frå FDV etter arbeidstid, ring vakttelefonen 416 13 373.
    FDV-artiklar
    Informasjon Publisert 24.08.2010

    Det er ikkje papirinnsamiling torsdag 26. august som tidlegare annonsert. Neste innsamling blir i september.

    Informasjon Publisert 16.06.2010

    Moa-brauta opp til Valldal skule er stengt for all ferdsel, også for gåande! Dette grunna opne grøfter som aukar faren for utrasing av mur. Ver venleg å resptektere forbodet!

    Informasjon Publisert 26.04.2010

    Norddal kommune står som byggherre, og Rano anlegg A/S er hovudentreprenør i arbeidet med å lage fortau og felles grøft. Arbeidet vil foregå ut over vår og forsommar, medan asfaltering ikkje vert fullført før etter ferien.

    Informasjon Publisert 12.04.2010

    TORSDAG 22.04. kl 12.00 til 20.00 PÅ DJUPØYNA MILJØSTASJON. Denne dagen vert det gratis å levere restavfall frå privat hushald.

    Informasjon Publisert 10.02.2010
    Vassinntak Berdøla

    Norddal kommune innbyr med dette alle abonnentar tilknytt kommunalt vassverk til informasjonsmøte på  kommunestyresalen onsdag 10.02.2010 kl. 18.00.

     

    Informasjon Publisert 11.01.2010

    Den nye miljøstasjonen i Valldal er no teken i bruk. Det blir førebels ope torsdag i partalsveker kl 1530 - 2000. Det kan avtalast levering utanom opningstidene. Kontaktpersonar: Jarle Skuseth, tlf. 979 71 140, eller Johan Myklebust, tlf. 915 40 448.

    Informasjon Publisert 07.12.2009
    Øystein Solevåg er tilsett som dagleg leiar i det nye interkommunale miljøselskapet ÅRIM, som skal stå for innsamling, gjennvinning og handsaming av avfall og slam i 12 kommunar på Sunnmøre.

    Styret i Ålesundregionen Interkommunale Miljøselskap (ÅRIM) har tilsett Øystein Solevåg (38) som dagleg leiar for det nye interkommunale miljøselskapet.

    Informasjon Publisert 01.09.2009

    Norddal kommune vedtok i k.sak 110/07  å tilby brøyteteneste for private vegar. Det er utarbeidd retningslinjer som ein finn på kommunen sine heimesider, eller ein kan ringe Servicetorget å få tilsendt desse. Dei som er interessert i å nytte seg av dette tilbodet må melde frå til Servicetorget innan 1. oktober.

    Informasjon Publisert 01.09.2009
    Feiar

    Feiing av piper er planlagt å ta til i slutten av september månad.

    Informasjon Publisert 05.06.2009
    Sylte hamn

    Hytteeigarar som ikkje har motteke søppelsekkar tidlegare i år, kan få utlevert sekkar i Turistinformasjonen i Valldal på kveldstid og i helgane.

    Informasjon Publisert 30.03.2009
    Påskekylling

    I påska er det endra renovasjonsrute, endra opningssider på legekontoret og i servicetorget.

    Informasjon Publisert 10.03.2009

    Det er opparbeidd nytt bustadfelt på Nerhus i Fjørå med 5 ledige tomter. Kommunen lyser med dette tomtene ut for sal til kr. 80,- pr. m2, eks. gebyrer.

    Informasjon Publisert 09.01.2009
    1986

    Sal av gamle kommunale bilar.

    Informasjon Publisert 06.01.2009

    Papirinnsamling vert gjennomført etter vedlagte oppsett i Norddal kommune for 2009.

    Informasjon Publisert 05.01.2009

    Kommunen har fått mange førespurnader om brøyting av private vegar, og kommunestyret har no vedteke å gå inn på ei slik ordning. Interesserte kan kontakte servicetorget på tlf. 70 25 88 00.

    Informasjon Publisert 30.07.2008
    Vassinntak Berdøla

    Ein har dei sista åra fått gjort ein del tiltak og utbetringar på vassverket. I tillegg har ein gjort om på vassavgiftene, og ein del abonnentar har skaffa seg vassmålar.

    Informasjon Publisert 16.06.2008
    Bossbilen
    Det blir ikkje endra køyrerute for renovasjonsbilen i sommar.
    Måndag: Eidsdal, Norddal, Fjørå, Tafjord
    Onsdag: Valldal
    Informasjon Publisert 10.03.2008
    Vassinntak Berdøla
    Ny vatn analyse fra Berdøla.
    Informasjon Publisert 28.01.2008
    Bossbilen
    Måndag: Eidsdal, Norddal, Tafjord og Fjørå.
    Onsdag: Valldal
    Informasjon Publisert 11.01.2008
    Åsevegen
    Tysdag den 8. januar hadde byggje- og anleggsnemnda sluttsynfaring på den nye Åsevegen. Sluttarbeid som asfaltering, oppsetting av sikringsgjerder og generell tilstelling skal vere sluttført medio mai. Teknisk driftsavdeling har med dette teke over drifta av vegen og trafikk kan formelt settast på.
    Informasjon Publisert 21.12.2007
    Vassforsyning
    Det blir no levert vatn med full kapasitet frå inntaket i Berdøla. Ein er ikkje lenger avhengig av pumpe for å sikre forsyninga!
    Informasjon Publisert 08.11.2007
    Vår entreprenør på kanslått for i år måtte til slutt gje melding om at dei dessverre ikkje hadde meir kapasitet. Sidan meldinga kom så seint på året vart det uråd for kommunen å skaffe ein annan entreprenør.
    Informasjon Publisert 25.09.2007
    Vassprøvar frå Valldal vassverk syner at kvaliteten er god.
    Norddal kommune
    Pb. 144, 6211 Valldal
    Vakttelefon 416 13 373 
     
    post@norddal.kommune.no
     
     
    Telefon : 70258800
    Faks : 70258801
    Org.nr. : NO939396268
    • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
    • Søk SkilleTegn
    • Tips ein venn SkilleTegn
    • Kontakt oss SkilleTegn
    • (Bokmerke)
    a - a - a
    september 2010
    tyontofrla
    303112345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    27282930123
    45678910
    Levert av ACOS AS
    Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther