|
|
|
|
Beredskap
Ei krise kan definerast som ei ulykke eller anna hending som går ut over det ein reknar som normal belastning, og som krev akutt handling. Det vil vere ein situasjon der kommunen ikkje vil vere is tand til å handtere situasjonen med ordinær organisering, og ordinære fullmakter. Då vil beredskapsapparatet bli kopla inn.
Kommunal kriseplanKommunen har lagt ned ein god del arbeid med å utarbeide ulike beredskapsplanar.
I ein krisesituasjon vil kommunen kunne utnytte eigen organisasjon, og dra vekslar på kompetanse og ressursar som finst. Det er også lagt til rette for samarbeid med andre som Heimevern, Politi og Røde Kors.
Kommunen si kriseleiing består av rådmann Stig Holmstrøm, ordførar Bjørn Inge Ruset, rådgjevar Helge Svensvik, FDV-leiar Yngve Hovden, beredskapsansvarleg Aud Lindis Ødegaard, brannsjef Lars Kjell Smoge, politi Johan Arnt Overøye og heimevernet v/Per Jomar Nerli . Servicetorget fungerer som sekretariat og stab for kriseleiinga.
Informasjon under kriseInformasjon knytt til skadestad, skadde, pårørande og andre involverte er politiet sitt ansvar. Generell informasjon frå Norddal kommune vil bli gitt via ordinære kanalar som internett og sentralbordteneste.
Kommunen har utarbeidd eigen informasjonsplan, og i ein krisesituasjon vil denne tre i kraft.
Informasjonstenesta skal kontinuerleg bidra med informasjon og rådgjeving til og frå krisestaben. Det betyr at dei skal halde kontakt med media, initiere pressekonferansar, sende ut pressemeldingar m.v.
OmsorgsberedskapsgruppeKommunen har ei omsorgsberedskapsgruppe som kan gje psykososial omsorg og støtte i ein krisesituasjon. Dette er ei tverrfagleg gruppe med kompetanse frå mange fagområde.
Gruppa kan kome saman ved spesielle dødsfall, personlege kriser, brotsverk, ulykker og andre kriser. Dei er eit supplement til det etablerte behandlingsapparatet.
Gruppa skal gje ”emosjonell førstehjelp”, skaffe praktisk hjelp og støtte. Det einskilde medlem kan kalle saman gruppa. Varsling om behov for gruppa kan meddelast til legevaktsentralen, tlf. 70 25 70 00. Gruppa vurderer sjølv om det er naudsynt at dei trer i aksjon. To eller fleire reiser ut saman – alt etter situasjonen. Alle i gruppa har teieplikt.
Døgnkontinuerleg vakt for varslingHar nokon akutt behov for å kome i kontakt med kommunen kan ein ringe FDV sin vakttelefon 416 13 373. Er det akutte situasjonar skal naudtelefonane nyttast.
|
|
|
|
Norddal kommune
|
|
|
|
Pb. 144, 6211 Valldal
|
|
Vakttelefon 416 13 373
|
 |
|
Telefon
|
:
|
70258800
|
|
Faks
|
:
|
70258801
|
|
Org.nr.
|
:
|
NO939396268
|
|
|