toppnk03(1).jpg

Ung i Norddal

Ung helg-08/4

Her vil du finne info om kva som skjer for ungdommen i Norddal kommune, og også om arrangement i andre kommunar.
Har du tips om noko som skal inn på kalenderen, så gi beskjed.

 

Publisert av Kristi Linge Stakkestad. Sist endra 21.01.2010

Kontakt

Har du spørsmål, tips eller idear for ungdom i Norddal, kontakt koordinator for ungdomsrådet og ungdomsarbeidet generelt, Kristi Linge Stakkestad, tlf 70258841, epost: krst@norddal.kommune.no

Ungdomsartiklar
Informasjon Publisert 03.09.2010
Ung helg i Tafjord 2009

Fredag 10. og laurdag 11. september er det klart for Ung helg i Valldal. Det blir Ung fredag, paintball, bogeskyting, sumobryting og konsertar. Det er ungdomsrådet i Norddal som er arrangør av aktivitetshelga, og invitasjonen går til ungdom i alderen 13-18 år.

Informasjon Publisert 15.06.2010
Badeliv

Ungdomsrådet i Norddal og Midtsommardagar 2010 inviterer til Camp Norddal, ein friluftscamp for ungdom i alderen 8. kl.-18 år. Camp Norddal blir arrangert i Dalsbygda/Norddal 26.-27. juni. Påmeldingsfrist er fredag 18. juni!

Informasjon Publisert 11.06.2010

Det blir ekstra-møte i ungdomsrådet onsdag 16. juni kl 1400-1600. Møtet blir på Kraftsenteret/Frivilligsentralen på Sylte. Saker som ikkje kan vente til hausten er mellom anna arbeid med Ung helg og Camp Norddal. 

Informasjon Publisert 05.05.2010
Logo Ung fredag

7. mai er det klart for vårens siste Ung fredag. Denne kvelden er arrangementet lagt til Røde Kors-huset i Eidsdal, i samarbeid med ungdomsklubben der. Vi ønskjer ungdom på indre frå 8. klasse og oppover velkomen kl 20-23!

Informasjon Publisert 22.04.2010
Logo Ung fredag

Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus fredag 23.april kl 1930-2300. Ung fredag er eit tilbod til ungdom frå 8. klasse og oppover. Denne fredagen blir det spesielt sett fokus på rus.

 

Informasjon Publisert 22.04.2010
Gule krokus

Det blir ope møte om rus på Valldal skule fredag 23. april kl 1930-2030. Foredrag ved Frode Tafjord, som fortel om si erfaring som far til ein rusmisbrukar.

Informasjon Publisert 15.04.2010

Er kun dei store skulane som er gode?
Ungdommens kommunestyre i Ørskog, Ungdomsrådet i Stordal kommune og Ungdomsrådet i Norddal kommune seier klart nei til nedlegging av Ørskog vidaregåande skule.

Informasjon Publisert 15.04.2010
Ungdomsrådet 2010

Tysdag 20. april reiser ungdomsrådet i Norddal til Geiranger for å vere tilstades på Fylkestinget til Møre og Romsdal. Det er prosjektgruppa Tausaløftet som inviterer.

Informasjon Publisert 07.04.2010
Ung helg i Tafjord 2009

Ungdomsrådet har bestemt at det blir Ung helg 2010 i Valldal fredag 10. - laurdag 11. september. Broken Balls Paintball kjem også i år!

Informasjon Publisert 24.03.2010
Logo UKM 2010

19.-21. mars reiste åtte UKM-ungdommar frå Norddal til fylkesmønstringa som var i Eidet Kulturhall på Vatne i Haram. Dei representerte Norddal kommune med kunst og musikk.

Informasjon Publisert 18.03.2010
Ung helg 19

Her finn du informasjon om aktivitetar for ungdom i Norddal våren 2010.

Informasjon Publisert 17.03.2010

Ungdomsrådsmøtet torsdag 18. mars blir utsett på grunn av vertilhøva og dei transportvanskane det medfører. Ny dato blir onsdag 24. mars kl 1400-1600. Møtet blir på Fjordhagen.

Informasjon Publisert 11.03.2010
Logo Ung fredag

Fredag 12. mars kl 1930-2300 er det igjen klart for Ung fredag på Valldal samfunnshus. Denne kvelden blir det også Ung ung fredag for mellomsteget kl 1715-2000.

Informasjon Publisert 04.03.2010
Ungdomsrådet 2010

I fylgje møteplanen til ungdomsrådet skal det vere møte torsdag 4. mars. Møtet er flytta til torsdag 18. mars kl 14-16. Møtestad er Fjordhagen.

Informasjon Publisert 22.02.2010
Buss

Det blir sett opp skibuss til Overøye Skiarena kvar dag i vinterferien. Minibussen har plass til 16 personar, så her er det førstemann til mølla som gjeld.

Informasjon Publisert 22.02.2010
UKM 2010 TraJ2

No er uttaket til fylkesmønstringa for Ungdommens Kulturmønstring klart!

Informasjon Publisert 19.02.2010
Englar i snøen

Norddal er ein av fire kommunar langs Storfjorden som har gått inn i eit samarbeid om rusførebyggjing. Samarbeidet er kalla Dugnad.

 

Informasjon Publisert 16.02.2010
UKM 2010 konferansierar

52 lokale ungdommar stilte som artistar, filmskaparar og kunstnarar under UKM i Eidsdal laurdag 13. februar. Det blei fullt hus og mykje jubel på Røde Kors-huset. Mønstringa blir avslutta med konsert med Elfap.

 

Informasjon Publisert 10.02.2010
Kurs for ungdomsråd 290110-alle deltakarane

Fredag 29. januar var 26 ungdommar samla til kurs for ungdomsråd i Valldal. Ungdomsrådet i Norddal var arrangør, og dei hadde invitert ungdomsråda i Stordal, Ørskog og Stranda.

Informasjon Publisert 28.01.2010
Logo Ung fredag

Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus fredag 29. januar kl 1930-2100. I forkant av dette blir det kurs for ungdomsråd på rådhuset.

Informasjon Publisert 13.01.2010
Logo Ung fredag

Fredag 15. januar blir det Ung fredag på Valldal samfunnshus. Frå kl 1930 blir det bordtennis, playstationspel og ballspel i gymsalen med meir, for ungdom frå 8. klasse og oppover.

Informasjon Publisert 04.11.2009
Logo Ung fredag

Komande fredag 6. november blir det Ung fredag både for mellomsteget og for ungdomsskulen og oppover. Røde Kors-huset i Eidsdal er staden frå kl 1700 til kl 2300.

Informasjon Publisert 13.10.2009
Logo Ung fredag

Fredag 16. oktober kl 1930-23 blir det Ung fredag på Sylte ungdomshus. NB! Ny stad. I starten på kvelden blir det val av representantar til ungdomsrådet i alderen 16-19 år.

Informasjon Publisert 28.09.2009
Logo Ung fredag

2. oktober er det klart for Ung fredag igjen. Denne gongen på Røde Kors-huset i Eidsdal.

Informasjon Publisert 17.09.2009
Ung helg i Tafjord 2009

Fredag 11. og laurdag 12. september var om lag 75 ungdommar samla i Tafjord til Ung helg 2009. Paintball, sumobryting, dans, Elfap og Amish Society var nokre av stikkorda for helga. 

Informasjon Publisert 02.07.2009
Bjørn Johan Muri på konsert i Valldal under UKM 2009

Ungdom i Møre og Romsdal mellom 15 - 20 år får også i år eit pakketilbod på Moldejazz. For 300 kroner får ungdom to store utekonsertar under jazzfestivalen i Molde i sommar. Tilbodet er knytt til ordninga med "Kulturrabatt for ungdom".

Informasjon Publisert 07.05.2009
Ung helg-08

Det blir foreldremøte med tema "Ungdom og rus" på Valldal skule torsdag 7. mai kl 19-21. Rita Valkvæ frå Midt-Norsk Kompetansesenter for Rusfaget  vil innleie om temaet. Føresette til elevar i 5.-10. klasse er invitert.

Informasjon Publisert 07.05.2009
Logo Ung fredag

Då er det tid for vårens siste Ung fredag! Fredag 8. mai kl 20-23 blir Valldal samfunnshus fyllt opp av ungdommar frå 13 år og oppover. Det blir truleg mykje lyd både av det nye spelet Guitar Hero World Tour og av fotballkampar i gymsalen. 

Informasjon Publisert 27.04.2009
sumobryting på Ung fredag

Fredag 24. april var det klart for Ung fredag på Dalsbygda skule. Først var det Ung ung fredag for mellomsteget, etterpå kom ungdomsskuleelevane. I det fine veret blei det både putekrig og sumobryting på plenen ved skulen.

Informasjon Publisert 23.04.2009
Logo Ung fredag

Fredag 24. april er det Ung fredag på Dalsbygda grendahus. Først er Ung ung fredag for elevar i 5. - 7 klasse kl 1745 - 2030. Deretter for dei eldre fram til kl 2245. Det er sett opp skyss frå ferjekaia i Eidsdal.

Informasjon Publisert 07.04.2009
Delar av ungdomsrådet samla til opplæring i mars 2009.

Tysdag 31. mars var ungdomsrådet i Norddal invitert til middag og opplæring. Kurshaldar var Pernille Dale, medlem i Ungdomspanelet i fylket.

Informasjon Publisert 17.03.2009
UKM 35

Laurdag 21. mars er det igjen klart for Stordalstrøkk! Frå kl 20 blir Stordalshallen fylt av ungdommar og musikk. Frå Norddal kjem banda Walking Disaster, Battery og Elfap. Det blir sett opp buss frå Valldal kl 1900.

Informasjon Publisert 14.02.2009
Bjørn Johan Muri

Har du lyst til å vere med på konsert med Bjørn Johan Muri? Vil du sjå kva slags kulturaktivitetar ungdom i Norddal driv med?  Då må du møte på mønstringa på Valldal samfunnshus søndag 15. februar kl 1530!

Informasjon Publisert 26.11.2008
Logo Ung fredag

Fredag 28. november blir det fullt hus og mykje aktivitet på Valldal samfunnshus. Då blir det Ung fredag for både dei som går på mellomsteget og for dei som er 13 år og eldre.

Informasjon Publisert 07.11.2008

Det blir Ung fredag for ungdom på indre 7. november. Staden er Valldal samfunnshus og tida er kl 20-23. Ungdomsgruppa Battery spelar kl 2130.

Informasjon Publisert 22.10.2008

Det er noko av det du kan oppleve på Ung fredag  24.10. Ungdom på indre er invitert til aktivitetskveld på Valldal samfunnshus. Dette gjeld aldersgruppa frå 8. klasse og oppover.

Informasjon Publisert 30.09.2008

No er det tid for Ung fredag og full fart på samfunnshuset igjen. Fredag 3. oktober kl 20-23 er ungdom frå 8. klasse og oppover invitert til rockeverkstad, fotball og sing star.

Informasjon Publisert 16.09.2008
Ung helg-08

Nær 100 ungdommar var samla til Ung helg i Eidsdal fredag og laurdag. I det strålande haustveret var det mange som nytta høvet til å prøve seg på mellom anna paintball, sumobryting, padling og dans. Det var og stor oppslutning om konserten laurdagskvelden.

Informasjon Publisert 11.09.2008
Ung helg 10

Fredag 12. og laurdag 13. september blir det full fres i og rundt Røde Kors-huset i Eidsdal! Då inviterer ungdomsrådet i Norddal til aktivitetshelg for ungdom i alderen 13-18 år.  Laurdagkvelden blir det konsert med lokale band og stordalsgruppa Marius and the Outliggers. 

Informasjon Publisert 22.08.2008
Tafjord Friluftsbad

Fredag 22. august blir det Ung fredag i Tafjordbadet. Kl 1830-2030 blir det musikk og open kiosk spesielt for ungdom i alderen 13-18 år.

Informasjon Publisert 16.07.2008
Ung helg 09

Marius and the Outliggers er eit av trekkplastra når ungdomsrådet i Norddal arrangerer Ung helg i Eidsdal 12.-13. september. For ungdom frå 8. klasse og opp til 18 år blir det full fres i og rundt Røde Kors-huset, med mellom anna paintball og sumo show.

Informasjon Publisert 20.06.2008
SLT

Norddal kommune fekk i 2007 midlar frå Justisdepartementet til oppstart av kriminalitetsførebyggjande arbeid. Rådmann, ordførar, lensmann og koordinator for arbeidet sit i styringsgruppa.

Informasjon Publisert 23.04.2008
Ung fredag Eidsdal
Vårens siste Ung fredag blir på Valldal samfunnshus 25. april kl 20-23. Det blir godt med lyd i salen når det blir konsert med Walking Disaster og Battery kl 21.
Informasjon Publisert 11.04.2008
Hoppekassa - figur
Som første kommune i fylket, og kanskje i heile landet, har Norddal etablert eit eige næringsfond for ungdom, Hoppekassa. Ungdomsrådet og formannskapet har vedteke retningslinjer og løyvd midlar. For 2008 er det løyvd kr 100.000.
Informasjon Publisert 02.04.2008
Laurdag den 19. april inviterer Stordal Ungdomsklubb og ”God Helse – Stordal” ungdom til interkommunalt ungdomstreff i Stordalshallen! Arrangementet startar kl. 15.00 laurdag den 19. og sluttar ca. kl. 12.00, søndag den 20. april. Det er ungdom i alderen frå og med 8. klasse og opp til 20 år, som vert invitert. Arrangementet er sjølvsagt rusfritt!
Informasjon Publisert 25.03.2008
28. mars arrangerer ungdomsrådet i Norddal Ung fredag på Røde Kors-huset i Eidsdal. Ung fredag er eit aktivitetstilbod og ein stad å vere for ungdom frå 8. klasse til 18 år.
Informasjon Publisert 05.02.2008
Det blir Ung fredag på Valldal samfunnshus 8. februar kl 20-23. Som vanleg blir det aktivitet i fire etasjer; frå rock'n roll i kjellaren til gitarheltar i 3. etasje.
Kontaktinformasjon
Norddal kommune
Pb. 144, 6211 Valldal
Vakttelefon 416 13 373 
 
post@norddal.kommune.no
 
 
Telefon : 70258800
Faks : 70258801
Org.nr. : NO939396268
     
Validator
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther