Eidsdal

Eidsdal ligg på sørsida av Norddalsfjorden i Norddal kommune. Det er ei langstrakt bygd med ca. 400 innbyggjarar.
Dalen høyrer til Sunnmøres mest særeiga dalstrøk, og særleg storslått er naturen rundt Eidsvatnet (bilete) ca. 10 km oppe i bygda på vegen mot Geiranger.
Gjennom heile dalen går den berømte «The Golden Route», som knyter Eidsdal og Geiranger saman med Romsdal og Trollstigen, gjennom ferjesambandet over Norddalsfjorden til Linge.
Eidsdal byr på dei vakraste og mest overraskande natursceneri: Fjell med formasjonar som neppe har sidestykke. Gardar som ligg så høgt at setrane til dels har funne plass under dei, som til dømes Kilsti, Løvoll, Kleiva og Storås. Frå Kilsti og Storås er det ein fantastisk flott utsikt. Vel verd eit besøk! Elles er her dalføre som ikkje berre er oppløyste i terrassar på tvers, men og kløyvde i bidalar på langs.

Bygda er eit veleigna utgangspunkt for fjellturar både sommars- og vinterstid i variert terreng. Gjennom dalen renn Eidsdalselva, ei god og velbrukt lakseelv, der mange har fått seg fine opplevingar dei neppe vil gløyme. men naturleg nok også frustrasjonar! Eidsvatnet er kjent som eit av dei beste ørretvatna i landet ved riksvegen.

Eidsdal er vinterstid ei stille og roleg bygd, men om sommaren er det stor turisttrafikk, og aktivitetsnivået aukar enormt, med mange ulike arrangement.

Næringslivet i Eidsdal
Eidsdal er i hovudsak ei landbruksbygd, med stor spennvidde i både produksjonsformer og bruksstorleik. Men mjølkeproduksjon dominerer framleis i dalen med både ku- og geitemjølk. Ein annan stor næringsveg i Eidsdal er turisme. Vi finn fleire campingplassar, hytte- og romutleige samt den innhaldsrike suvenirbutikken til TH. Ytterdal. I kommuneplanen er det no lagt ut fleire attraktive hyttefelt, og hyttebygging er eit satsingsområde i kommunen.

Campingplassar
Ytterdal Camping, Stenvåg Camping, Eidsdal Camping og Solvang camping.

Næringsliv
Her har tidlegare vore fleire fabrikkar, men desse er no lagt ned eller flytta ut av bygda. Elles består næringslivet av desse verksemdene: Matbutikkar: Eidsdal handelslag og TH. Ytterdal. Post- og banktenester. Banken er ope måndag, onsdag og fredag. Sjøkanten Mat&Vinhus, Norddal Elverk, Storfjord Rørservice AS. Bensinstasjonar: Eidsdal Auto. Bilverkstadar: Eidsdal Auto og Indreeide Mek. Verkstad. Br. Tafjord: Rørleggar og mekanisk verkstad. Fleire sjølvstendige byggefirma.

Offentlege tenester
Legekontor: Ope onsdagar. Grunnskule (1. - 10. klasse), barnehage, aldersbustadar, eit velorganisert og velutstyrt brannvern og i tillegg har vi fysioterapi og fotpleie.

Lag og organisasjonar
Eidsdal har eit aktivt lags- og organisasjonsmiljø. Her finn ein aktivitetar i eit vidt spekter med tilbod for alle aldersgrupper.
Eidsdal IL: Skigruppe, friidrett, volleball, idrettsskule og dametrim. Norddal/Eidsdal fotballklubb, Eidsdal Ungdomslag, Ytterdal Skyttarlag, ungdomsklubben Daskus, Eidsdal/Norddal Røde Kors, Norddal/Eidsdal Bondelag, helslag, Elveeigarlag/vasseigarlag, småbåtlag, 4H, Fjellrosa barneforeinong, Eidsdal musikkorps, pensjonistlaget Kveldssol og søndagsskule.
I tillegg må nemnast at Eidsdal Idrettslag kvart år arrangerer Eidsdal Triatlon.
Norddal kommune
Pb. 144, 6211 Valldal
Vakttelefon 416 13 373 
 
post@norddal.kommune.no
 
 
Telefon : 70258800
Faks : 70258801
Org.nr. : NO939396268
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
a - a - a
september 2010
tyontofrla
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123
45678910
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør: Stig Holmstrøm      Nettredaktør: Aud Lindis Ødegaard      Teknisk ansvarleg: Rune Sæther