_Arkiv_
Publisert 23.12.2004
Bading
Fjørå er ei bygd med ca. 150 mennesker som er tradisjonelt oppteken av fellestiltak og samarbeid. Lett tilkomst til kommunesentert Valldal. Fjørå er ei grøderik bygd med mellom anna dyrking av aprikoser. Her er lett tilkomst til fjord og fjell med fiske og turterreng. Her har det budd folk gjennom lange tider.
Publisert 23.12.2004
Eit opphald i Norddal kan gje deg mange fine opplevingar. Her er fleire attraksjonar som er vel verdt eit besøk.
Publisert 23.12.2004
Barn og geit
Herdalssetra ligg i Norddal, om lag 14 km frå ferjekaia i Eidsdal og kring 45 minutts køyring frå Geiranger. På ei vid slette, 520 meter over havet, ligg den tradisjonsrike seterstølen. Over 30 små og store hus i tett klynge, dei eldste over 200 år gamle. I snart 300 år har det vore seterdrift her, og før den tid var det fast busetnad - truleg allereie i vikingtida. Eit par hundre meter frå seterhusa finst 10-12 hustufter frå det eldgamle gardsanlegget, og i fjella kring dalen er det spor etter fleire fangstanlegg, det største - på fjellet Litlejorda - er eit av dei mest særmerkte på Vestlandet.
Publisert 23.12.2004
Kraftverksmuseet
Tafjord er kraftsenteret på Sunnmøre. Her ligg seks kraftstasjonar og eit kraftverksmuseum. I samband med kraftproduksjonen er det bygd svært omfattande reguleringsanlegg i fjellheimen kring Tafjord.
Publisert 10.01.2005
Rafting
Du finn mykje interessant turistinformasjon på linkane under.
Publisert 27.03.2009
Hytter Eidsvatnet

Kommunen er kjent for eit tørt og varmt klima. Sommarstid er her oftare fint ver enn i ytre strøk, og om vinteren er her ganske stabile vinterforhold.

Publisert 08.09.2011

Norddal Kommune befindet sich im Innern von Sunnmøre in Møre und Romsdal. Die Gemeinde besteht aus fuenf Doerfer um den Norddalsfjord herum- Eidsdal und Norddal auf der Suedseite und Tafjord, Fjørå und Valldal auf der Nordseite. Das Gemeindezentum liegt in Valldal, und die gesammte Gemeinde hat ungefaehr 1800 Einwohner.

Publisert 23.06.2014
Sylte hamn

Eit godt klima gjer Valldal til frukt- og bærbygd nummer éin på Nordvestlandet. Bygda ønskjer også å vere eit sunt møte mellom mennesket og naturen.

Publisert 27.06.2014
Indreeide

Eidsdal ligg på sørsida av Norddalsfjorden i Norddal kommune. Det er ei langstrakt bygd med ca. 400 innbyggjarar. Dalen høyrer til Sunnmøres mest særeiga dalstrøk, og særleg storslått er naturen rundt Eidsvatnet (bilete) ca. 10 km oppe i bygda på vegen mot Geiranger. Gjennom heile dalen går den berømte «The Golden Route», som knyter Eidsdal og Geiranger saman med Romsdal og Trollstigen, gjennom ferjesambandet over Norddalsfjorden til Linge.

Publisert 16.12.2015
Ferja

Næraste flyplass er Ålesund Lufthamn. Hit kjem du med buss eller bil frå Ålesund på ein og ein halv time, frå Geiranger på ein halv time og frå Åndalsnes på ein time.
Nordalsfjorden krysser du med ferjesambandet Eidsdal – Linge.