Stoppunkt i Valldal

Eit godt klima gjer Valldal til frukt- og bærbygd nummer éin på Nordvestlandet. Bygda ønskjer også å vere eit sunt møte mellom mennesket og naturen.

Sylte hamn - Klikk for stort bileteSylte hamn Øystein Rødset Valldal er kommunesenteret i Norddal kommune. Dei fleste servicefunksjonane er samla i bygdesenteret ved fjorden. Dei om lag 1000 innbyggjarane bur i grender frå Linge ved fjorden til Langdal vel 20 km lenger opp mot høgfjellet. Folket lever av landbruk, turisme, handel, tenesteyting og industri. Mange arbeider i industrien i nabokommunane. Rehabiliterings--senteret Muritunet er ein viktig arbeidsplass og institusjon. 

 

Jordbærbygda

Valldal er kjend som «jordbærbygda». Det har vore dyrka jordbær profesjonelt her i over hundre år. Kvar sommar leverer jordbærbøndene opp mot 800 tonn jordbær til mottaket Valldal Grønt. Dei står for om lag halvparten av den norskproduserte jordbæra som blir brukt i matvareindustrien her i landet. Årleg kjem om lag 700 personar langvegsfrå for å ta del i innhaustingsarbeidet på gardane. Dei hjelper til med å hauste jordbær, morellar, bringebær, plommer, eple og pærer. Her blir også dyrka poteter, kålrot, gulrot, agurk og blomstrar. Talet på bruk som held husdyr, har gått ned, men her er gardar og samdrifter som driv stort med gris, kyr og sauer.

 

Natur for kropp og sjel

Godt klima og spennande natur har gjort Valldal til ein populær rekreasjonsstad. Mange søkjer hit for å finne roa og møte utfordringar i ein rein, spennande og tilgjengeleg natur. Dette gjeld særleg i sommarhalvåret, men også vinterstid. Her er tilbod til dei som liker å rusle, vandre, klatre eller sykle i fjella, fiske i fjorden og i lakseelva - og også padle og rafte. Vinteren er ei roleg tid, men sommarstid yrer det av både feriegjester og gjestearbeidarar her. Småbåthamna og badeplassen i Muribugen er populære, og både fastbuande og tilreisande kan gjennom sommaren møtast på talrike festivalar og kulturhendingar.

 

Naturlege stoppestader

Linge: I denne lune grenda driv gardbrukarane den nordlegaste kommersielle fruktproduksjonen i Europa. I Negarden står ein minnestein over kaptein Martin Linge, sjefen for Lingekompaniet, som vart eit symbol for motstandsrørsla i Noreg. Han fall under Måløyraidet i 1941.

Klovset:  Lett tilgjengeleg seter med godt utsyn over Valldal og nabobygdene. Seterdrifta var økonomisk viktig for alle gardar før. No er setrane for det meste rekreasjonsmål og viktige kulturminne.

Gamlegata: Ein gammal gatestubb parallelt med hovudgata gjennom sentrum. Fleire gamle bygningar fortel sin del av
historia. Sylte Hotel vart opna i 1870 og tok blant anna imot «lakselordar» frå England. Andre interessante bygningar er Severinhuset, Suffja-huset, Syltetøyfabrikken, Bakaren, Lullhuset, Gamlebanken og Fjellro. Sylte kyrkje er frå 1863.

Korsbrekka:  Ein liten rusletur frå fjorden ligg Korsbrekka, det viktigaste minnet om kong Olav Haraldsson (seinare Heilag-Olav) i Valldal. Tradisjonen med å reise kors der kongen kvilte, er halden i hevd i snart tusen år. Steinstøtta med jernkors som står der i dag, vart reist i 1850. Mange legender er levande etter ferda til helgenkongen i 1028/29: Blant anna skal ei kvartsitt-stripe vere merke etter sjøormen som han skal ha slengt opp i Syltefjellet. Ved Korsbrekka er det også to gravhaugar frå heidensk tid.

Hoelsfossen Elektrisitetsverk og vasspark:  Prislønt kulturminne. Gjenreist bygdekraftverk som kan forsyne 150 husstandar med fornybar energi. Vassparken rundt inkluderer eldre kvernhus, laksetrapper og anlegg for regulering av vasstanden.

Gudbrandsjuvet:  Eit spennande system av jettegryter, med brusande vatn og nifst sug. Er i 2009 oppgradert som ein del av Nasjonal turistveg.

Skjersura: Då kong Olav Haraldsson (Heilag-Olav) flykta til Sverige gjennom Valldal i 1028/29, rydda han seg veg gjennom den ugjennomtrengelege Skjersura. I dag kan du gå tur langs Olavsvegen og drikke deg utørst av Olavskjelda på Alstad.

Øvstestølen:  Ei gammal seter. Her står truleg den eldste bygningen i kommunen, restaurert og med infoplate. Ei anna vakker setergrend, Nedstestølen, ligg like ved og er synleg frå riksvegen.  

 
Fjelltur - Klikk for stort bileteFjelltur Storfjordnytt Muri - Klikk for stort bileteMuri Storfjordnytt KafeJuvet - Klikk for stort bileteKafeJuvet Lars Grønningsæter Rafting - Klikk for stort bileteRafting Storfjordnytt
Sist endra 27.06.2014
Artikkel (1)