Eidsdal

Indreeide - Klikk for stort bilete Eidsdal ligg på sørsida av Norddalsfjorden i Norddal kommune. Det er ei langstrakt bygd med ca. 400 innbyggjarar. Dalen høyrer til Sunnmøres mest særeiga dalstrøk, og særleg storslått er naturen rundt Eidsvatnet (bilete) ca. 10 km oppe i bygda på vegen mot Geiranger. Gjennom heile dalen går den berømte «The Golden Route», som knyter Eidsdal og Geiranger saman med Romsdal og Trollstigen, gjennom ferjesambandet over Norddalsfjorden til Linge.

Eidsvatnet - Klikk for stort bilete Eidsdal sentrum - Klikk for stort bilete Småbåthamna - Klikk for stort bilete Th Ytterdal - Klikk for stort bilete

Eidsdal byr på dei vakraste og mest overraskande natursceneri: Fjell med formasjonar som neppe har sidestykke. Gardar som ligg så høgt at setrane til dels har funne plass under dei, som til dømes Kilsti, Løvoll, Kleiva og Storås. Frå Kilsti og Storås er det ein fantastisk flott utsikt. Vel verd eit besøk! Elles er her dalføre som ikkje berre er oppløyste i terrassar på tvers, men og kløyvde i bidalar på langs. Bygda er eit veleigna utgangspunkt for fjellturar både sommars- og vinterstid i variert terreng. Gjennom dalen renn Eidsdalselva, ei god og velbrukt lakseelv, der mange har fått seg fine opplevingar dei neppe vil gløyme. men naturleg nok også frustrasjonar! Eidsvatnet er kjent som eit av dei beste ørretvatna i landet ved riksvegen. Eidsdal er vinterstid ei stille og roleg bygd, men om sommaren er det stor turisttrafikk, og aktivitetsnivået aukar enormt, med mange ulike arrangement.

 

Næringslivet i Eidsdal

Eidsdal er i hovudsak ei landbruksbygd, med stor spennvidde i både produksjonsformer og bruksstorleik. Men mjølkeproduksjon dominerer framleis i dalen med både ku- og geitemjølk. Ein annan stor næringsveg i Eidsdal er turisme. Vi finn fleire campingplassar, hytte- og romutleige samt den innhaldsrike suvenirbutikken til TH. Ytterdal. I kommuneplanen er det no lagt ut fleire attraktive hyttefelt, og hyttebygging er eit satsingsområde i kommunen.

 

Sist endra 27.06.2014
Artikkel (1)