Listeforslaga til kommunevalet

valglogo_300pxl.jpg - Klikk for stort bilete  

14. september 2015 er det Kommunestyre- og fylkestingsvalg.
Frist for innlevering av listeforslag var 31.mars kl 12.00
Innan fristen har det kome inn 4 listeforslag til kommunevalet i Norddal:
Arbeiderpartiet (PDF, 22 kB)
Senterpartiet (PDF, 21 kB)
Sosialistisk venstreparti (PDF, 18 kB)
Tverrpolitisk liste (PDF, 21 kB)

 

Behandling av listeforslaga i valstyret

Når listeforslaga er mottekne, skal dei sjekkast opp mot manntalet og om forslagsstillarane og kandidatane oppfyller krava i vallova.
Om det trengs skal valstyret ved forhandlingar med den tillitsvalde for lista arbeide for å få listeforslaget i samsvar med krava i lova.

 

Melding til kandidatane

Alle kandidatane på vallistene vil motta brev om at dei er sette opp på eit listeforslag.
I meldinga skal det opplysast om reglane for å kunne krevje seg friteken for val.

 

Endringar i listeforslag etter at innleveringsfristen har gått ut

I følge valforskrifta kan forslagsstillarane etter innleveringsfrist berre gjere dei endringane på listeforslaget som er nødvendig for å bringe forslaget i samsvar med vallova og forskrifta til denne lova.

 

Godkjenning av vallistene

Valstyret må ta stilling til listeforslaga seinast 1.juni. Planlagt møte er 12.mai.
Så snart listeforslaga er godkjende skal dei offisielle vallistene leggast ut til gjennomsyn.

 

Melding til forslagsstillarane

Så snart listene er godkjende av valstyret vert det sendt melding til dei tillitsvalde med ein kopi av det godkjende listeframlegget.

Blir listeframlegget ikkje godkjent må valstyret snarast sende melding til den tillitsvalde om dette og samstundes opplyse om høvet til og vilkåra for å klage.

 

Klage

Vallova fastset at det er høve til å klage innan ein viss frist for dei som meiner valstyret må gjere om eit vedtak om å godkjenne eller forkaste eit listeforslag. Fristen er 7 dagar frå offentleggjeringa av overskrifta på dei godkjende vallistene. Bakgrunnen for regelen er å førebyggje ugyldige val ved å rette opp eventuelle feil før valet. 

 

 

 

Sist endra 09.04.2015
Artikkel (1)