Nyheitsarkiv
Publisert 17.07.2013

NVE melder at det torsdag ettermiddag ventast raskt aukande vassføring på Nordvestlandet på grunn av intens nedbør. I dei fleste elver og bekkar vil vassføringa nå toppen i løpet av torsdag kveld eller natt til fredag. Les heile melding her (PDF, 23 kB).

Publisert 16.07.2013

Det skal lagast spelefilm i Valldal i perioden 5. til 18. august, og filmselskapet treng "produksjonsassistentar". Du må ha førarkort, og det er ein fordel med eigen bil eller tilgang på ATV. Du må bo i nærleiken. Opplæring vil bli gitt. Send epost til torarne@loopfilm.no snarast råd.

Publisert 12.07.2013

Næringssjefen har vore ute både i vår og sommar og sett på avlingsskader.
Jordbær- og grasavlingar blir nok mykje mindre enn i eit normalår.
Ordninga med tilskot til isåing av vinterskadd eng har søknadsfrist 15. juli.

Publisert 04.07.2013
Hoelsfossen Elektrisitetsverk

Torsdag 4. juli går turen strekninga Hol – Rem etter den gamle stien over Kyrfonna. Turen er på knapt 3 km kvar veg. Turleiar og historieforteljar er Astor Furseth. Oppmøte ved Hoelsfossen Kraftverk kl 1800.