Nyheitsarkiv
Publisert 26.08.2013

Fleire nytilsette er no på plass i kommunen:
Karianne Dahl er tilsett som avdelingsleiar for open omsorg i verksemda pleie og omsorg.
Anita Hjelme er på plass som lærar ved Valldal skule, og Anne Kari Ytterdal som miljøarbeidar ved Eidsdal skule. Ingrid Marie Relling startar opp som pedagogisk leiar Dalsbygda barnehage, Eidsdal skule.

Publisert 22.08.2013

Dei siste vekene har det vore hektisk aktivititet med filminnspeling i Valldal, sjå reportasje frå NRK her.

Publisert 20.08.2013
Varde

Årets siste vekas tur går til Bispevatnet ovanfor Trollstigen torsdag 22. august kl 1800. Ved vatnet finst det restar av fangstanlegg. Turen tek om lag to timar, og kjentmann og historieforteljar er Astor Furseth.

Publisert 20.08.2013

Viktig melding

SLF sendte 20.08. kl 13:25 ut melding om at søknadsfristen for Regionalt Miljøprogram i 9 fylke er utsett til 27.08. Dei som leverer søknaden fram til 27.08. , vil ikkje få redusert tilskot pga for sein levering.


Årsaka til utsettinga er at mange søkjarar hadde problem med å få logga inn på Altinn måndag. Dei opplevde tregheit i systemet, som førte til vanskar med å få levert søknaden.