Barnehage og skule

Barnehage og skule

Fargeblyantar - Klikk for stort bileteFargeblyantar

Karl Andre Birkhol er kommunalsjef for oppvekst og kultur. Han har kontor på rådhuset. I Norddal er det to skular. Begge er kombinerte barne- og ungdomsskular. Alle skulane har skulefritidsordning. Det er to barnehagar i kommunen. Vi driv i tillegg vaksenopplæring og har PPT-kontor saman med Stordal, Ørskog og Skodje (Storfjorden PPT) med kontorstad på Ørskog. Kommunen har ein aktiv kulturskule.

 

På denne sida skal du finne aktuell informasjon knytt til oppvekst. Er det noko du ikkje finn, så ta kontakt med oss på tlf. 70 25 88 00, eller epost: post@norddal.kommune.no

 

Publisert 13.07.2016

Norddal kommune har i samsvar med nasjonale vedtak innført to moderasjonsordningar for betaling av barnehageplass for familiar med låg inntekt.

1: Redusert foreldrebetaling:

Dersom den samla inntekta til familien er under 486 750 kr brutto, kan du ha rett på reduksjon i  betaling for barnehageplass.

2: Gratis opphaldstid.

Frå 1. august 2016 har alle 3, 4- og 5-åringar som bur i hushaldningar med lågare inntekt enn 417 000.- rett til 20 timar gratis opphaldstid per veke.

Publisert 10.02.2016

Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Barn som er fødde i 2010 skal ta til i 1. klasse hausten 2016

Publisert 10.02.2016

Både Valldal skule og Eidsdal skule gir tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for elevar i 1.-4. klasse, og til elevar med særskilte behov i 1.-7- klasse.

 

Publisert 10.02.2016

I Norddal kommune er det 2 kommunale barnehagar, Dalsbygda barnehage og Syltebøen barnehage. Søknadsfristen for barnehageplass frå august 2016 er 1. mars 2016.