Barnehage og skule

Syltebøen barnehage

Syltebøen barnehage - Klikk for stort bilete

Syltebøen barnehage er ein 4 avdelings kommunal barnehage. Valldal trygde- og sjukeheim, og Elvetun som er boligar for funksjonshemma. Vidare ligg kommunehuset med helsestasjon, kommuneadministrasjon og andre serviceverksemder like ved.

Publisert av Aud Lindis Ødegaard. Sist endra 20.12.2016

Vi har kort avstand både til sjø og skog, og nyttar dette mykje. I skogen ved Valldal skule har vi også lavvu.

Syltebøen barnehage er eit utspring av den foreldredrivne Sylte korttidsbarnehage. Hausten - 89 var den nye kommunale to-avdelings barnehagen i Valldal klar til bruk. Barnehagen fekk foreløpig navnet Valldal barnehage. Ved den offisielle opninga 19. mai 1990 fekk barnehagen navnet den har i dag :
SYLTEBØEN BARNEHAGE.

Etter dette har det i mange år vore behov for fleire barnehageplassar i nærleiken av kommunesenteret , og mange mellombelse løysingar har det vore. Hausten 2005 starta arbeidet med å bygge på ei 3. avdeling. Den 19. mai 2006 var den offisielle opninga av avdeling ”Ormula”, og vi er no 3 avdelingar under same tak.

Vi tilbyr fleksible ordningar i høve % og dagar, så langt mogleg er.

Barnehagen si opningstid er 07.15 -16.15, måndag - fredag.


Viser elles til barnehageruta.

Tilsette:Vi har god tilgong på høgt kvalifiserte medarbeiarar. Bemanninga er fordelt på 1 verksemdsleiar, 4 pedagogisk leiarar, fagarbeidarar og asstentar.

Satsingsområde:Vår visjon for arbeidet er: ”
VI SATSAR PÅ TRIVSEL, TRYGGLEIK OG TILLIT!”
Dei siste åra har vi brukt eit opplegg/materiell utgitt av Nasjonalforeningen for folkehelse som heiter ”STEG FOR STEG” Dette er eit rammeprogram som omhandler sosial kompetanse. Du kan lese meir i Årsplanen vår.

 

Kontakt

Telefon :
70 25 88 85
Tittel :
Styrar Syltebøen barnehage
Bunnhjørne
Avgifter (1)