Effekten av fysisk aktivitet er formidabel!

Tur til Raudhammaren - Klikk for stort bilete Legg aktiviteten inn i kvardagssrutinene. Dette melder Helsedirektoratet i samband med verdas aktivitetsdag 10. mai. Dagen blir brukt til å inspirere til fysisk aktivitet over heile verda.

IMG_3456.JPG - Klikk for stort bilete Fysisk aktivitet er det beste du kan gjere for å sikre deg eit langt liv med minst muleg sjukdom og plager. Stadig fleire oppdagar kva dette betyr for helse og livskvalitet - men det er framleis mange som går glipp av friske leveår og fysisk og psykisk overskot.

Dine30 er helsemyndigheitene sine anbefalingar for fysisk aktivitet. 30 minutt aktivitet for dag - gjerne inndelt i tre økter på ti minutt kvar - slik at du blir litt andpusten og varm.
 

Kvardagsrutine

"Om du legg aktiviteten inn i kvardagsrutinene så slepp du å kjempe med motivasjonen kvar dag. Kor ofte står du framfor speilet og vurderer om du skal pusse tennene i dag? Nettopp – og sånn må du gjere med fysisk aktivitet også."
Jakob Linhave, avdelingsdirektør i helsedirektoratet.

Les meir om fysisk aktivitet og sjekk din fysiske alder på helsedirektoratet sine nettsider. 

Norddal kommune anbefaler at du tek deg ein tur ut i naturen i dag, bratt eller flatt, på sykkel eller på føtene! God tur!

Sist endra 10.05.2016