Helsestasjon

Klikk for stort bilete

Kommunen har to helsesøstre, fordelt på 1,5 årsverk. Helsestasjonen er ei lovpålagd teneste. Vi arbeider med helsefremmande og førebyggande tiltak for barn og ungdom 0 - 20 år. I tillegg har vi treffetid på skulane. Helsesøster samarbeider med jordmor om gravide som går til kontroll ved helsestasjonen. Dessutan samarbeider vi med fastlegane i kommunen.

Hovudkontoret vårt er på Storfjord Helsesenter i Valldal. Ein dag i veka har vi helsestasjon i Eidsdal, i underetasjen på omsorgsbustaden. I tillegg har vi treffetid på skulane. Vi er kvar veke på ungdomsskulane. Vi har også samarbeid med dei ulike barnehagane i kommunen.

Det er Bente Skarbø som er helsesjukepleiar.

Helsestasjonen har begrensa bemanning i tida framover, og helsesjukepleiar vil ikkje alltid vere å finne på kontoret. Om du ikkje får svar på kontortelefonen, ring tlf. 478 14 154. Om du ikkje får svar, blir du oppringt litt seinare.


Kontaktinformasjon
Opningstid i Valldal: Måndag - Fredag kl. 08.00 - 16.00
Telefonnummer: 70 25 89 12 / Mobil: 478 14 154
Opningstid i Eidsdal: Tysdag kl. 10.15 - 14.30 (varierer etter behov)
Telefonnummer: 70 25 71 69

Arbeidsoppgåver:

  • Helsestasjon
  • Skulehelsetenesta
  • Helsestasjon for ungdom Heimebesøk
  • Helseopplysning
  • Miljøretta helsevern
  • Reisevaksinasjon
  • Omsorgsbereskapsgruppe
  • Tverrfagleg samarbeid, t.d. Byggeklossen

Kontakt

kontaktperson
Telefon :
70 25 89 12
Tittel :
Helsesøster
Bunnhjørne