Kommunereform

Kommunesamanslåinga - samling for prosjektleiarar

Prosjektleiarsamling.JPG - Klikk for stort bilete Fredag 1. september var det prosjektleiarsamling i Valldal for alle prosjektleiarane i Møre og Romsdal. 

Frå Fylkesmannen møtte  ass. fylkesmann Rigmor Brøste, Vigdis R. Vestad innovasjon og samordning, Sissel Hoel seniorrådgiver økonomi, Frida Barstad jurist og Sveinung Dimmen plansamordnar.

 

Samlingane tek føre seg aktuelle tema , og det var henta inn tre erfarne prosjektleiarar som via skype formidla sine erfaringar og utfordringar. Dei tre var prosjektleiar H. E. Utne nye Holmestrand-Sande-Hof. Prosjektleiar I. Kvernmo nye Orkland kommune og prosjektleiar V. Bolås i Leksvik/Rissa.

 

Prosjektleiar for Volda kunne ikkje møte. i staden møtte ass rådmann A. Moltudal. Frå arrangørane møtte Geir Johan Hansen KS-K og Alf Åge Berg KS.

 

For Norddal og Stordal kommunar møtte  Arne Sandnes som ynskte alle velkomen. I tillegg var ordførar Eva Hove med og rådmann Tor Helge Stavdal. Rådmann i Stordal hadde ikkje høve å delta i samlinga.

Neste samling vert lagt til nye Hustadvika kommune (Eide og Fræna)i november.

Sist endra 04.09.2017
Kommunereform
Publisert 01.09.2017
DSCF1694.JPG

Norddal kommune og Stordal kommune får utbetalt tilsaman 20,5 mill. kroner i tilskot til eingongskostnader ved kommunesamanslåing frå departementet.

Utbetaling av tilskot (PDF, 306 kB)

Publisert 25.08.2017
DSCF1694.JPG

I dag, fredag 25. august var det felles kommunestyremøte for Norddal og Stordal på Martin Linge-huset. Fylkesmannen var også til stades. Det vart gjort samrøystes vedtak om at det nye kommunenamnet skal vere Fjord kommune. 

Publisert 21.08.2017

Felles kommunestyremøte mellom Norddal kommune og Stordal kommune på Martin Linge-huset fredag 25.august kl. 15.00. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sendt ut eiga innkalling til dette.

Innkalling frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal (PDF, 495 kB)
Saksframlegg (PDF, 738 kB)

I etterkant av møtet vert det ordinært kommunestyremøte for Norddal kommune. Kommunestyret vil drøfte sak 58/17 frå kl. 14.00.

Saksutgreiing og vedlegg under fane for politiske saker.

Publisert 29.06.2017
Småstein

Eva Hove, som er leiar i fellesnemnda for Norddal og Stordal, har laga eit informasjonsskriv om arbeidet med kommunesamanslåing. Namneforslaga til nytt kommunenamn er også systematisert og publisert.

Publisert 18.05.2017
Fjorden

Kommunestyra i Norddal og Stordal har vedteke at desse to kommunane skal bli ein ny kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen skal få eit fint namn, og dei som har lyst til å delta i prosessen med å finne eit godt namn til kommunen blir invitert til å sende inn forslag. Fellesnemnda vil legge fram innstilling overfor eit felles kommunestyre som skal gjere vedtak i saka hausten 2017. Send namneforslag til post@norddal.kommune.no eller Norddal kommune, postboks 144, 6211 Valldal innan 20.juni 2017. Fullstendig utlysingstekst for namnekonkurransen (PDF, 703 kB).