Kommunereform

Kommunereform

Regjeringa har i Sundvolden-erklæringa frå oktober 2013 slått fast at det skal gjennomførast ei kommunereform der ein skal ha ein gjennomgang av oppgåvene til kommunane, fylkeskommunane, fylkesmennene og staten med sikte på å gi meir makt og mynde til meir robuste kommunar. Ein kan velje to løp på denne prosessen - anten vedtak om samanslåing innan hausten 2015, eller vedtak om ev kommunesamanslåing innan 1. juli 2016.

Kommunestyret gjorde i desember slikt vedtak:

1. Norddal kommune vel å følgje tidsløp 2 med kommunestyrevedtak om eventuell kommunesamanslåing innan 1. juli 2016. Eventuell ny kommune er gjeldande frå 01.01.2020.

2. Det vert nedsett ei prosjektgruppe av ordførar (leiar), varaordførar (nestleiar), Merete Løvoll Rønneberg og rådmann som får fullmakt til å utarbeide prosjektplan som sikrar involvering og informasjon. Planen skal godkjennast av kommunestyret. Formannskapet er referansegruppe og skal konsulterast ved behov

3. Kommunereforma skal opp som sak for kommunestyret minst ein gong i halvåret fram til 01.07.16.

4. Rådmannen peiker ut kontaktperson og gir melding til Fylkesmannen.

 

Les heile saka.

Fylkesmannen har utarbeidd eiga side knytt til dette arbeidet.

Sunnmøre Regionråd samlar viktig dokumentasjon for reformarbeidet på Sunnmøre.

 

 

 

 

Sist endra 14.04.2015
Artikkel (1)