Kultur og fritid

Klikk for stort bilete

Norddal kommune har eit rikhaldig kulturliv. Kommunen abonnerer på Tilskotsportalen som lag og organisasjonar kan nytte seg av.

Buss

I samband med kabareten Venner for livet på Valldal samfunnshus er det sett opp tilbod om gratis skyss frå og til ferjekaia for elevane ved Eidsdal skule. Fredag: Ferje frå Eidsdal kl 1815, og retur frå Linge kl 2230. Laurdag: ferje frå Eidsdal kl 1745 og retur frå Linge kl 2100 (ev 2230). Påmelding innan fredag kl 1200. Plakaten finn du her (PDF, 459 kB).

Kvar fredag kl 1030 samlast ein gjeng ved Kraftsenteret på Sylte for å gå tur med stavar. Det er plass til fleire, så bli med du også! Ergoterapeuten er med annakvar gong.

Månadens arrangement er Skisportens dag på Løvoll søndag 1. februar. Her kan alle som vil bli med på stafett i fristil/skicross. Det blir ulike hindringar og kast på blink med strafferunde for dei som bommar. Arrangør er Eidsdal IL. Meir informasjon finn du her (PDF, 384 kB).

Det blir gjort ein strålande innsats for å ta vare på våre kulturminne. Med Riksantikvarens kulturminnepris ønsker ein å heidre det viktige arbeidet som vert gjort for godt kulturminnevern i lokalmiljøa. Riksantikvaren for ha forslag på gode kandidater. Nominasjonsfristen er 30. juni 2014.