Kultur og fritid

Klikk for stort bilete

Norddal kommune har eit rikhaldig kulturliv. Kommunen abonnerer på Tilskotsportalen som lag og organisasjonar kan nytte seg av.

Måndag 13. juni er du invitert på ein fin rundtur frå Alstad til Grønning. Oppmøte på Gudbrandsjuvet kl 1800. 

Torsdag 9. juni går turen til fjordgarden Korsnes og setra Korsnelia på sørsida av Tafjorden. For å organisere båtskyss trengs det påmelding til turen.

Utsikt frå Storåsnakken

Vekas tur 2. juni går til Litleåsskagen og Storåsnakken - med flott utsikt over Norddalsfjorden. Oppmøte på p-plassen ved Hatlestad kl 1800. NB! Kulturvandringa på Bjørstad er flytta til 16. juni. 

Muldal

Torsdag 26. mai. Oppmøte på parkeringsplassen i Sødalsvika/Muldalsvika kl 1800. Ferje frå Eidsdal kl 1715. Viss du ikkje har vore på usiktspunktet for Muldalsfossen så er dette ei god anledning til å oppleve det. Fossen har ei spennande historie som turleiar Astor Furseth vil fortelje om.

Vekas turar startar opp med ein rundtur i Norddalsbygda torsdag 19. mai kl 1800. Turane går til ulike turmål i Norddal kommune, kort og langt, bratt og flatt.