Bålsamtale om friluftsliv

Bålkos - Klikk for stort bilete Måndag 31. august er listetoppane på dei politiske partia i Norddal invitert til bålsamtale om gleder og utfordringar i friluftslivet.

Utsikt frå Små-Skorene - Klikk for stort bilete

"Sjeldan blir stemninga så avslappa og samtalane så gode som rundt eit leirbål. Dette er ein fin arena for å drøfte politiske spørsmål. I tillegg til å vere valår er 2015 Friluftslivets År og Norddal har vedtatt å vere ein Friluftslivets År kommune. Før valdagen er det viktig at veljarane får vite kva politikarane står for når det gjeld prioritering og tilrettelegging for friluftsliv."

Det er Friluftsrådet for Ålesund og omland som står for bak invitasjonen, og representantar frå Friluftsrådet vil vere til stades og delta i samtalen. Folkehelsekoordinator og Norddal frivilligsentral er medarrangørar.

Bålsamtalen vil vere på Valldal jeger og fisk sitt anlegg på Oggarden. 

Friluftsrådet har bålsamtalar i alle medlemskommunane. Sjå nettsida deira for meir informasjon.

 

Sist endra 31.08.2015