Bli med på friluftsleir!

Padling i Norddal - Klikk for stort bilete Ungdom 13-17 år er invitert til å delta på friluftsleir på Åndalsnes 9.-12. juli. Her blir det mange spennande friluftsaktivitetar å prøve seg på!

Friluftslivets_ar_elementer_2_green_CMYK.JPG - Klikk for stort bilete

Friluftsleiren (PDF, 2 MB) er eit arrangement i Friluftslivets År 2015, og ungdom frå heile Møre og Romdal er invitert til å delta. Leiren er også ein del av Norsk Fjellfestival i Rauma.

 

Det blir teltleir med fokus på fjell, vatn, fiske, klatring, sykkel, kajakk/kano, hest, handarbeid, mat, kultur, konsert og fellesskap.

 

Påmeldingsfrist 10. juni.

 

Sist endra 01.06.2015