Bli med på setretur i Eidsdal

ekas tur Ansok-Hammaren 15.6.15 - Klikk for stort bilete Torsdag 18. juni går vekas tur til Toresetra, Storhjellsetra og Veibergsetra i Eidsdal. Oppmøte på ferjekaia kl 1800. Ferje frå Linge kl 1740.

Kaffirast på vekas tur Ansok - Hammaren 15.6.15 - Klikk for stort bilete

Start ved småbåthamna i Eidsdal kl 1800. Ferje frå Linge kl 1740, treng ikkje ta med bil over fjorden. Vi går opp den nyrydda råsa forbi grytesteinane og opp til Hjellane. Det er litt bratt stigning før vi kjem opp på vegen mot Hjellane. Deretter følgjer vi Storåsvegen som slynger seg oppover, før vi kjem til Toresetra (450 moh.). Toresetra ligg høgt over Eidsdal, men er spesiell med det at ho ligg lågare enn dei to gardane på Storåsen. Det er fleire bygningar på setra.

 

Vi held fram på rås bortover og litt oppover gjennom skogen  mot Storhjellsetra og Veibergsetra, som ligg om lag i 500 meters høgde. Heile lia har uvanleg mange store søyleeiner, 7-8 meter høge, ein sjeldan kulturmarkstype. Det er fin utsikt over til gardane på andre sida av dalen. Brukarar på Hjelle setra på Storhjellsetra, her står berre murane att etter seterhusa no. På Veibergsetra står Nerigardsselet att. Her kan det passe med ein kaffirast.

 

Dersom vi finn ut at det blir for lang tur å gå ned til Veiberg kan vi snu og gå ned ei anna rås mot Toresetra igjen. Om ikkje går vi mot Kleivahammaren og ned den gamle, idylliske og svingete Kleivavegen, forbi Severinbrauta og ned til Veiberg.

 

Vi organiserer skyss om det blir for langt å gå ned over Brisesletta og mot sjøen att. Dette er ein ganske lang tur og tek om lag 3, 5 timar – men turen gjev god fangst både av trimpoeng for Eidsdal IL  og for dei som samlar på setrar på setrekortet.

Turleiar er Eidsdal IL/Torveig Klamdal, tlf 93452990.

 

Alle er velkomen til å delta, både store og små og både dei som bur i Norddal og dei som bur i andre kommunar. Vel møtt på tur!

 

Måndag 22. juni går turen til Djupdalen i øvre Valldal, og torsdag 25. juni kan du bli med til Kastesetra i Fjørå.

Vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)