Bli med på tur i øvre Valldal

Djupdalsstølen - Klikk for stort bilete Måndag 22. juni tek vi turen til Djupdalsstølen. Oppmøte og parkering på Grønning kl 1800. Ferje frå Eidsdal kl 1715.

Djupdalsstølen - Klikk for stort bilete

Grønning er garden som Heilag-Olav velsigna då han
drog gjennom Valldalen i 1028/29:

«Her skal dei byggje ein gard, og den bonden som her bur,
skal alltid ha utkoma si, og aldri skal kornet fryse her,
enda om det frys både ovanfor og nedanfor.» (Snorre)

 

Turen følgjer traktorveg framover langs elva først, så bratt oppover
lia på austsida av elva, om lag ein times gange. Elva vert kalla Sagelva nedst, fordi der skal det ha vore ei vassdriven sag i gammal tid. Der elva renn forbi setra vert ho kalla Seterelva.

 

Djupdalsstølen ligg fint til i ei vestvendt li med utsikt nedover dalen, 550 moh. Dette var seter for gardane på Grønning. Sjølve Djupdalen og Djupdalsvatnet ligg vidare gange oppover frå setra, i 700 meters høgde.
I gammal tid var det truleg seter både i Djupdalen og på Djupdalsstølen.  
(Kjelde: Til seters. Setrar i Norddal. Valldal Bygdekvinnelag 2012)

 

Det tek omlag ein halvtime frå Grønning tilsetra, og ein halvtime vidare opp til vatnet. Det er litt vått, så det kan vere nyttig med fjellsko. Noko snø på strekninga frå setra til vatnet.

 

Turen tek to til tre timar. Kaffirast. Ferje frå Eidsdal kl 1715.

Turleiar er Ida M. Kristoffersen-Rem/Øvre Valldal grendelag.

 

Alle er velkomne til å delta på vekas tur, både store og små og både dei
som bur i Norddal og dei som bur i andre kommunar. Vel møtt!

 

Torsdag 25. juni blir det også ein setretur, denne gongen til Kastesetra på sørsida av Tafjorden. Måndag 29. juni blir det rundtur i øvste Fjørå.

Vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)