Programleiarane Janita og Jørgen og resten av arrangørklassa (10.kl Valldal skule) stod bak eit flott UKM-arrangement på Valldal samfunnshus sist laurdag.
10. klasse var medarrangør i lag med kulturavdelinga i Norddal kommune. Ungdommens Kulturmønstring viser fram noko av det barn og unge i kommunen vår driv med på fritida. I tillegg til sceneinnslag og kunstutstilling var det sal av mat og kaffi og utdeling av publikumspris.
Publikumsprisane er det publikum som stemmer fram, og i år gjekk dei til:
-
kunst: Amund Kårstad Sunde med ei teikning av Harry Potter
-
scene: Gromgutane åt ho besta med countrylåten Working on a tan
Publikumsprisen er ein STOR sjekk på kr 500.
Dei deltakarane som er 13 år og eldre kan bli sendt vidare for å representere Norddal i fylkesmønstringa. Fylkesmønstringa for Møre og Romsdal skal vere i Fosnavåg 17.-19. april. Det er UKM-juryen som avgjer kven som får reise dit. I juryen i år sat Torkjell Bjørstad, Elida Brenna Linge og Mari Ruset.
Les meir og sjå fleire bilder frå UKM Norddal her.
UKM (Ungdommens Kulturmønstring) er mange små lokale mønstringar der ungdom kan delta med alle typar kulturuttrykk. Kvar kommune sender kvalifiserte ungdommar vidare til ei fylkesmønstring som representantar for si kommune. Kvart fylke sender deretter omlag 30 deltakarar til den nasjonale UKM-festivalen. I år har UKM 30-årsjubileum!
Desse har fått tilbod om å representere Norddal på fylkesmønstringa:
Scene:
Gromgutane åt ho besta
Solveig Eide Grønningsæter
Hannah Jørstad og Maria K. Sunde
Kunst:
Andreas Jemtegård: King of the red lion
Jenny Nystad: Isac