I Heilag-Olav sine fotspor gjennom Skjersura

IMG_0626.JPG - Klikk for stort bilete Vekas tur torsdag 14. mai går frå Alstad til Grønning. Oppmøte på parkeringsplassen på Gudbrandsjuvet kl 1800. 

På veg til garden Storvik ved Kaldhussætervatnet - Klikk for stort bilete

Dette er ein rundtur som følgjer gamlevegen mellom Alstad og Grønning og Olavsvegen gjennom Skjersura. Turen tek ein til to timar og passar for alle aldersgrupper. Vi passerer bådeStikk UT-posten langs gamlevegen og trimposten til Valldal IL langs Olavsvegen. Dette er ein fin tur i lett terreng, på grusveg og langs rås  - mellom kvitveis og elvasus. Elva Valldøla går stor og fossar nedover no i snøsmeltinga. Ved elvebredda i Løygjerdet er det tilrettelagt med benkar for ein rast, og mellom store steinar i Skjersura får vi inntrykk av sterke naturkrefter.

 

Turen passerer også Olavshellaren og Olavskjelda, som er kjent frå Heilag-Olav si ferd gjennom Valldalen i 1028/29. Pilegrimsleia mellom Valldal og Dovrefjell, som opnar i september, følgjer også Olavsvegen.

 

«Heilag-Olav drog så vidare til Alstad, der han overnatta. Morgonen etter tok folka til å rydde veg vidare gjennom Skjersura, men mot kvelden kom dei motlause tilbake, utan å ha lykkast. Den neste natta bad kongen inderlege bøner, og straks det vart dag gav han ordre om å prøve ein gong til, men like dårleg gjekk det. Kongen sjølv drog så opp til Skjersura, la av seg kappa og sa at dei skulle freiste ein gong til. Og no flytta tjue mann så langt dei ville dei steinane som ikkje hundre mann hadde greidd å rikke før, og vegen vart rydda til middag for både folk og kløvhestar.

 

Kongen overnatta  endå ei natt ved ura, ved den staden som Snorre kallar Olavshellaren. Ved hellaren er ei vasskjelde, og der vaska han seg. Kjelda er etter det kalla Olavskjelda. Neste dag kryssa hæren Skjersura og nådde fram til ei sæter på Grønning, og overnatta der. Også her skjer det mykje, før dei neste morgon dreg over fjella mot Einbu på Lesjaskog.» (henta frå Snorre si kongesoge)

 

Du kan også lese om turen på morotur.no

Ferje frå Eidsdal kl 1715. Turleiar er Øvre Valldal grendelag ved Andreas Håvoll.

Vel møtt!


Vekas tur er eit samarbeid mellom Norddal kommune og ulike lag eller privatpersonar.

Neste veke går turen til Skusetsætra i Eidsdal, og veka etter er blir det sætretur med varaordføraren frå Klovset til Åsesætra og Berdalssætra. Her finn du oversikt over vekas tur 2015.

Sist endra 13.05.2015