Kulturvandring på Bjørstad

Vekas tur til Djupdalsstølen 22.6.15 - Klikk for stort bilete Vekas tur torsdag 16. juni kl 1800 er også ordførarens tur - ei kulturvandring på garden Bjørstad i Valldal. Ferje frå Eidsdal kl 1740.

26 deltakarar på veks tur til Kastesetra 25. juni 2015. - Klikk for stort bilete

Vi møtest i Pe-garden på Bjørstad , ca. 7 km frå Valldal sentrum langs fylkeveg 95. Du tek av frå fylkeveg 63 ved Uribrua. Aller først tek vi ei kort omvising på garden,  og spesielt i Dongeholet og på Gamlelåven.  Derifrå gjeng vi i motbakke – ikkje altfor bratt - langs ein skogsveg  i ca. 1,5 km. Frå toppen av skogsvegen, i Øvstelømarka, har vi god utsikt over midtre del av Valldalen. Derifrå snur vi nedover og stoppar ved Øvsteløa  som var brukt som høyløe heilt fram til 1950-talet. Den er urgamal! Her tek vi ein liten rast her før vi held fram nedover lia i bratt terreng og endar opp ved Nesteløa – det er og ei utløe som vart reist på 1880 talet, som er teken vare på. Den ligg ved fylkeveg 95 – like oppom Raudebrua på Myklebust. Vi returnerer langs fylkesvegen ned til Pegarden og startpunktet. Det er stadnamn og spor i terrenget langs heile løypa som er vitnesbyrd om ei faren tid. Mykje kultur og mykje natur.

Turen tek om lag to timar. Kjentmann og historieforteljar er ordførar Arne Sandnes.

Vel møtt!

Måndag 20. juni går turen til Tafjordsetra.

NB! Turdato for denne turen er flytta frå 2. juni.

Vekas turar 2016 (PDF, 151 kB)