Kurs i elektronisk turregistrering

Utsikt frå Eidsheia - Klikk for stort bilete

Norddal kommune inviterer til kurs i registrering av turar på morotur.no. Dette er Møre og Romsdal sin eigen turportal, og vi ønskjer hjelp til å få lagt ut fleire turomtalar frå Norddal. Alle som er interessert i å vere med i registreringsarbeidet er velkomen til å delta på kurset som skal vere på rådhuset tysdag 14. april kl 17-20.

Utsyn frå Blåhornet mot Valldal - Klikk for stort bilete

Til engasjerte friluftsfolk i Norddal kommune

Vi håper at vi kan få til ein felles dugnad for å auke talet på registrerte turomtalar for Norddal på morotur.no http://mrfylke.no/Morotur/Heim

Morotur er Møre og Romsdal fylkeskommune sin turdatabase. Her kan alle kommunane i fylket legge inn sine turar. Morotur hadde 220 000 besøk i 2014, og 15 000 nedlastningar av appen.

 

Norddal skal også bli Stikk UT-kommune, som eit resultat av samarbeidet mellom friluftsråda i fylket. Vi skal velje ut 5-10 turmål som blir Stikk UT-turar i 2015, og alle turane må først vere registrert på morotur.

Friluftsrådet for Ålesund og omland: http://www.friluftsraadet.no/

Nordmøre og Romsdal friluftsråd: http://www.stikkut.no/

 

Vi inviterer difor til nybegynnar- og oppfriskingskurs i registrering av turar.

Tid: tysdag 14. april kl 17-20 (ferje kl 1645 og 2000)

Stad: rådhuset

Kurset er ved Petter Jenset frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er fylkeskommunen som står bak morotur.no.

Ta med eigen pc om du kan.

Alle interesserte er velkomne!

Har du spørsmål, kontakt folkehelsekoordinator Kristi Linge Stakkestad, tlf 45225738