Norddal blir Stikk UT-kommune

Friluftslivets_ar_elementer_2_green_CMYK.JPG - Klikk for stort bilete

Vi inviterer til møte om Friluftslivets år og Stikk UT i Norddal. Stikk UT er friluftsrådet si store satsing på registrering av turmål, og Norddal skal velje ut 5-10 turar for 2015. Møtet blir på Kraftsenteret tysdag 17. februar.

 

stikkut.png - Klikk for stort bilete

Møtet blir på Kraftsenteret tysdag 17. februar kl 1805-1950. (Ferje kl 1745 og 2000)

Vi oppfordrar idrettslaga og andre lag eller privatpersonar som er interessert i friluftsliv om å møte. Vel møtt!

Stikk Ut turregistrering kjem frå friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal og har blitt ein stor suksess der. Her kan du lese meir om det.

Alle medlemskommunane i Friluftsrådet for Ålesund og omland skal bli med på Stikk UT.

Følg også med på Friluftslivets år sine nettsider.