Opninga av pilegrimsleia Valldal – Dovrefjell – Nidaros

Skjersura.jpg - Klikk for stort bilete Søndag 6. september vert det opning av den nye pilegrimsleia Valldal - Dovrefjell - Nidaros. 

Arbeidsgruppa for pilegrimsvegen på synfaring i Skjersura 23.6.15 - Klikk for stort bilete

Frå fjord til fjell gjennom fire kommunar og to fylke

 

Etablering av denne leia er eit samarbeid mellom Dovre, Lesja, Rauma og Norddal kommunar. Ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunane og Pilegrimssenteret på Dovrefjell har arbeidd med prosjektet sidan 2011.

 

Leia går i spora til Olav den Heilage som ved nyttårstider 1028/1029 var på flukt frå kysten for å ta seg over fjella i aust. Ferda hans sette spor etter seg, og Valldal og Lesja har framleis sterke Olavstradisjonar. På bakgrunn av dette tok Norddal kommune eit initiativ til å opprette ein pilegrimsveg til Nidaros.

 

Leia startar frå Sylte i Valldal der Heilag-Olav kom i land med båtane sine, går fram gjennom Valldalen og over fjella gjennom Reinheimen Nasjonalpark til Brøste i Rauma kommune. Vidare går leia gjennom bygdene i Lesja kommune, til Dombås og Fokstugu i Dovre kommune. Der knyter den seg på hovudleia, Gudbrandsdalsleden Oslo – Trondheim.

 

Søndag 6. september vert det ei offisiell markering med inviterte gjestar tilstades. Opningsarrangementet finn stad i området kring Gudbrandsjuvet i Valldal, og er ope for alle. I dette området finn vi Olavshellaren, Olavskjelda og Olavsvegen gjennom Skjersura, som alle er nemnt i Snorres kongesoge si forteljing om Heilag-Olav si ferd gjennom Valldal.

 

Pilegrimsleden. St. Olavsvegene til Trondheim.