Ordførarens tur

Torsdag 3. september inviterer ordføraren til tur til Hogsetdalen. Oppmøte på Klovset i Valldal kl 1730. Bli med på årets siste vekas tur.Frå heia mot Klovset, Valldal, Fjørå og Tafjorden - Klikk for stort bilete

Ordføraren inviterer til Hogsetdalen torsdag 3. september. Oppmøte på parkeringsplassen på Klovset kl 1730. Bomveg. Det er muleg å parkere i Lingåsen og gå til Klovset, rekne 30-60 minutt på den turen.

 

Klovset ligg på ein flat voll, 549 moh., og er seter for Linge og Lingås. Her er det fint utsyn til store delar av Norddal kommune. Klovset hadde lite vatn i tørkeår, difor vart Hogsetdalen brukt som sommarseter. Frå Klovset går råsa bratt oppover til heia (900 moh.) og så ned att til Vassdalen og Hogsetdalen (750 moh.). Setra har godt beiteområde, og ei elv renn mellom sela. No står det seks bygningar att på setra, to av dei er oppattbygd dei siste åra. Her er det fred og ro å finne. Frå Hogfsetdalen er det fint utsyn vestover mot Ospahjellen, Skrednakken og fjella på Stranda, og heilt til Slogen som ligg i Ørsta.

 

Det er om lag ein times gange mellom Klovset og Hogsetdalen. Det blir kaffirast på stølen. På veg tilbake er det muleg å gå over heia og ut til Vardefjellet (893 moh.) for dei som ønskjer det. Det er også eit flott utsiktspunkt.

 

Turen tek om lag tre timar. Ferje frå Eidsdal kl 1645. Turleiar er ordførar Bjørn Inge Ruset.

 

Dette er årets siste vekas tur, og vi takkar for turfølgjet! Takk for godt samarbeid med turleiarane og dei ulike laga. Utan dei hadde det ikkje blitt nokon turar. Vekas tur-boka har vore med på alle turar sidan 2006, og gir eit godt bilde av turgleda i Norddal. Viss du har lyst til å bla i desse turbøkene så finn du dei på Kraftsenteret.

 

Vi håper at du held fram med å gå på tur, kort eller lang, bratt eller flatt.

Hugs at det er gratis å vere i aktivitet. God turhaust!

 

Ta deg gjerne ein StikkUT-tur også.

Sist endra 02.09.2015