Rundtur i øvste Fjørå

26 deltakarar på veks tur til Kastesetra 25. juni 2015 - Klikk for stort bilete Måndag 29. juni kan du bli med på rundtur med utsikt til alle kantar: Hauge – Ruggå – Kvitsva – Ytterli – Hauge.

Kastesetra - Klikk for stort bilete Oppmøte og parkering på Hauge i Fjørå kl 1800.

 

Lett stigning til Ruggå som ligg om lag 550 moh.  Vi tek ein drikkepause her og ser på den flotte utsikta ein har utover store delar av Valldalen og fjella ikring.

 

Ruggå har fått namnet sitt frå den store ruggesteinen som ligg der oppe, og denne er populær å prøve for både store og små. Ei grindløe vart sett opp i 2007. Ho vert mykje nytta av folk på tur. Utedo er der og.

 

Vi held fram på lett rås vestover i eit nydelig terreng til Kvitsva. Siste biten, om lag 15 minutt, har moderat stigning. På Kvitsva, som ligg 598 moh, står ei jaktbu som er ope for alle. Her kan det passe med ein kaffirast. No er vi på sjølve Syltefjellet.

 

Turen går vidare ned til Ytterli på god rås med enkelte bratte parti. Siste del av turen dit går på traktorveg. Frå Ytterli følgjer vi bilvegen tilbake til Hauge. På strekninga har vi flott utsikt over fjord og fjell i Fjøråbygda. For dei som ynskjer ein litt kortare tur vert det organisert skyss (for sjåførane) tilbake til Hauge. Turen tek to til tre timar og passer for folk i alle aldrar.

 

Ferje frå Eidsdal kl 17.15

Turleiar er Else Rødal/Valldal Bygdekvinnelag

Vel møtt på tur!

 

Torsdag 2. juli går turen til Saudebotn i Tajord.

 

Vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)

Sist endra 26.06.2015