Sesongopning for vekas tur

Vekas tur Grønning - Grønningsæter 14.8.14 - Klikk for stort bilete

Årets første tur er ein blomstringstur til Linge og Lingås torsdag 7. mai kl 1800. Ferje frå Eidsdal kl 1745. Oppmøte ved fruktlageret ved hovudvegen ytst på Lingegardane.

Vekas tur til fangstanlegg ved Heregga- kvile og informasjon om området - Klikk for stort bilete

Så er vi i gang att med vekas tur. Det blir tur om lag 15 turar torsdagar framover sommaren, kanskje blir det nokre måndagsturar også. Det blir turar til Stikk UT!-postar, idrettslaga sine trimpostar og til fleire setrar – slik at dei som samlar på poeng eller setrar gjerne må bli med på tur! Oversikta er ikkje heilt klar enno, men blir publisert så snart som råd. Oppmøtetid og eventuelle endringar blir varsla på nettsida til Norddal kommune og annonse i lokalavisa. Vekas tur er også ei markering av Friluftslivets år.

 

Turen denne veka går først oppover og så innover langs fjorden, ovanfor gardane på Linge. Fin utsikt til fjorden og god duft frå fruktblomstringa! Vi går forbi det særmerkte atelieret på Hansplassen på Lingebakken. Vidare oppover mot Lingåsen. Det er høve til å gå attende gjennom Lingegardane, eller på nymerka rås nedatt gjennom skogen og lia frå Lingås. Denne råsa er bratt og litt ulendt somme stadar, men heilt grei å gå for dei som er vant til å ferdast i terrenget. Det er lurt med vanlege, gode tursko. Turen tek 1-2 timar. Turleiar er God Helse Norddal/Kristi Linge Stakkestad.

 

Neste veke går turen i Heilag-Olav sin fotspor frå Alstad og gjennom Skjersura, og veka deretter skal vi til Skusetsætra i Eidsdal.

Sist endra 06.05.2015