Setretur i øvste Fjørå

Vekas tur til Djupdalsstølen 22.6.15 - Klikk for stort bilete Bli med på vekas tur måndag 31. august. Oppmøte på parkeringsplassen på Hauge kl 1730. 

Ruggå - Klikk for stort bilete

Vi startar turen på parkeringsplassen på Hauge kl 1730. Går bygdavegen innover til Sætra og videre forbi skytebana eit lite stykke. Der går råsa rett opp til Nerhusstølen. Der er ingen ting som viser att etter bygningar, men i følgje gamle kjelder har her stått hus ein gong. Derifrå er det slakt opp og ut mot Nestestølen. Her står det fire bygningar i litt variert standard.

Frå Nestestølen er det berre eit lite stykke utover så er vi på Nysetervegen. Vi kjem innpå vegen i Nedste Djuplisvingen, så fylgjer vi vegen oppover til Øvste Djuplia.

Der tek vi av på råsa mot Ruggå, og videre ned igjen til Hauge. Frå Ruggå er det fint utsyn ned mot Valldalen.

Dette er ein lett tur, 2-2,5 t. Turleiar er Mette Marie Døving. Ferje frå Eidsdal kl 1700.

 

Vel møtt på tur!

 

Årets siste vekas tur er ordførarens tur til Hogsetdalen 3. september.