Setretur med varaordføraren

IMG_3996.JPG - Klikk for stort bilete Torsdag 28. mai går vekas tur frå Klovset til Åsesetra og Berdalssetra. Oppmøte på parkeringsplassen i Lingåsen for samkøyring til Klovset kl 1745. Ferje frå Eidsdal kl 1715.

DSC_0327.JPG - Klikk for stort bilete

Setretur med varaordføraren som turleiar. Kaffirast på Berdalssetra. Det er også muleg å møte på Klovset kl 1800. NB! Bomveg. 

 

Turen startar på Klovset, seter for Linge og Lingås. Klovset ligg høgt og fritt, 550 moh., og har i dag tolv bygningar, nokre frå 1800-talet. Det er bilveg opp dit og god parkeringsplass. Derifrå held vi fram vidare mot aust på god og merka rås til Åsesetra, 600 moh.

 

Åsesetra ligg på ei lita hylle i den bratte fjellsida, og er seter for gardane i Muriåsen. Seterdrifta tok slutt i 1955, og i dag står det att eit sel med fjøs i kjellaren og ei hytte, og ruinar etter to sel til. Her er det minne om farne tider og utsikt til eit flott panorama over fjell og fjord og dalar.

 

Turen held vidare fram i kupert terreng mot Berdalssetra, 450 moh. Om lag midvegs kryssar råsa elva Svingrova. Setra ligg rett over garden Berdal, og like ved elva Berdøla, som deler dalbotnen i to. Mot aust reiser det markerte fjellet Ormula seg, 1418 moh. 

 

Det er ein bratt seterstøl, også her med god utsikt, både mot Sylte og framover dalen. Tidlegare stod det fleire sel med fjøs og høyløer her, i alt sju bygningar. No stend det berre att eit sel som er i stand, og her blir det kaffirast.

På andre sida av elva ligg Jamtesetra og Urisetra.

 

Frå Berdalssetra svingar råsa seg bratt rett nedover mot Berdalen. Deler av råsa går gjennom tett granskog. Nesten nede på Berdalen kjem vi til skogsvegen som endar ved vassverket, vassinntaket for nedre Valldal. Det blir organisert skyss (for sjåførane) tilbake til startpunktet i Lingåsen.

 

Turen tek om lag tre timar. Bruk gode sko, det er vått i terrenget.

 

Turleiar er varaordførar Per Magnus Berdal (tlf 90053153).

 

(Kjelde: Til seters. Setrar i Norddal. Valldal Bygdekvinnelag 2012.)

 

Vel møtt på tur!

 

Torsdag 4. juni tek vi turen ut av kommunen, til Storsæterfossen i Geiranger. Bli med på råsa bak fossen! Oppmøte på Vesterås.

 

Vekas tur 2015 - oversikt (PDF, 80 kB)