Stikk UT 2016

stikkut.png - Klikk for stort bilete Vi inviterer til møte om Stikk UT 2016 i Norddal. Møtet blir på rådhuset onsdag 3. februar kl 1800-1945. Ope for alle turinteresserte som vil hjelpe til med Stikk UT-postane! 

Vekas tur til Veibergsetra 18.6.15 - Klikk for stort bilete

Ferje frå Eidsdal kl 1745, frå Linge kl 2000.

Stikk UT 2015 vart ein suksess, og friluftsrådet held fram satsinga på kvardagsfriluftslivet gjennom å satse på endå fleire korte og enkle Stikk UT-turar i 2016.

Talet på turar er auka til 10-15 pr kommune. Dette gir oss fleire turar i nærområdet å velje mellom, utan lange køyreturar til startpunktet.

Friluftsrådet for Ålesund og omland står bak Stikk UT.