Det er Sunnmøre friluftsråd som organiserar og driftar Stikk UT!, i samarbeid med medlemskommunane og frivillige. Nokre turar er lette (grøne og blå), medan andre turar er meir krevande (raude og svarte). Stikk UT!-sesongen opnar kvart år 1. mai, og varer til 31. oktober. Turane blir registrert med kode på nettet. Koden finn du i postkassa på turmålet.
På nettsida til friluftsrådet kan du registrere deg som brukar. Her finn du link til turomtale for dei 15 turane i Norddal - og til dei 121 andre turmåla i medlemskommuane i friluftsrådet.
Det er totalt 136 turmål i alle medlemskommunane til friluftsrådet.
NB! På grunn av snø i høgda opnar ikkje alle turmåla til 1. mai. Ein omtrentleg opningsdato finn du nedanfor.
Dette er StikkUT!-turmåla i Norddal i 2017:
Bedringens veg grøn opnar 1. mai
Gamlevegen frå Alstad til Grønning grøn opnar 1. mai
Omnossætra grøn opnar 1. mai
Kroken - gamlevegen Norddal grøn opnar 1. mai
Laupen grøn opnar 1. mai
Rongane grøn opnar 1. mai
Ruggå grøn opnar 1. mai
Blåhornet (741 moh.) blå opnar ca 15. mai
Daurmålsfjellet (805 moh.) blå opnar ca 1. juni
Tjønnebu (995 moh.) blå opnar ca 15. juni
Vardefjellet (893 moh.) blå opnar ca 15. mai
Flyene (789 moh.) blå opnar ca 1. juni
Heggurdalen (850 moh.) raud opnar ca 15. juni
Kallskaret (981 moh.) raud opnar ca 15. juni
Tretindanibba (1528 moh.) raud opnar ca 1. juli
NB! Turmåla blir opna så snart dei er nokonlunde snøfrie og farbare til fots!
Enkelt
Det er enkelt å bli Stikk UT!-brukar. På nettsida til Sunnmøre friluftsråd finn du banneret til konkurransen øvst til høgre. Under «Mi side» klikkar du på lenkja til «Registrer deg» og fyller ut skjemaet. Du kan velje sjølv om du vil at namnet ditt skal visast i topplista over dei mest besøkte turmåla.
På turmåla finn du Stikk UT!-koden i turkassa. Den kan du enten registrere direkte inn i Morotur-appen du lastar ned gratis til smarttelefonen din, eller du kan registrere koden via PC på nettsida til friluftsrådet når du kjem heim. Å signere i turboka er altså ikkje nok til å få turen din registrert i Stikk UT!.
Kvar tur gir 1 poeng. Vaksne som registrerer 7 eller fleire turar i løpet av sesongen blir kvalifiserte til å få kjøpe den flotte Stikk UT!-premien vi jobbar med å få på plass. Barn får denne retten etter 5 registrerte turar.
Her finn du alle Stikkut-turane på Sunnmøre i 2017.
Du kan også gå på dei 196 turmåla til Nordmøre og Romsdal friluftsråd. Her finn du informasjon om dei.