UKM 2015

IMG_3707.JPG - Klikk for stort bilete

Er du mellom 10 og 20 år?
Driv du med musikk, handarbeid, dans, legobygging, song, scrapbooking, tryllekunstar, teikning, spikking – eller anna som du kan vise fram?

 

 

 

UKM 2015 - Klikk for stort bilete

Bli med på Ungdommens Kulturmønstring som skal vere på Valldal samfunnshus laurdag 28. februar! 10. klasse på Valldal skule er medarrangør av UKM, og dei oppmodar alle barn og unge om å melde seg på!


Alle barn og unge er invitert til UKM-verkstad 7. februar. Her kan du få hjelp til å presentere eller framføre det du driv med.

Ta kontakt med ein av kulturskulelærarane for å få meir informasjon og melde deg på.

Meir informasjon og påmelding her.