Utsiktstur til Storåsnakken 2. juni

Storåsnakken med hest.jpg - Klikk for stort bilete Vekas tur 2. juni går til Litleåsskagen og Storåsnakken - med flott utsikt over Norddalsfjorden. Oppmøte på p-plassen ved Hatlestad kl 1800. NB! Kulturvandringa på Bjørstad er flytta til 16. juni. 

Utsikt frå Storåsnakken - Klikk for stort bilete

Tur med utsikt: Rundtur Storåsnakken via Litleåsskagen

Rundturen Storåsnakken via Litleåsskagen er ein fin familietur med jamn stigning. Det er god rås, og terrenget er variert. Turen byr på minst to flotte utsiktspunkt, der du både får godt utsyn over bygda Norddal frå Litleåsskagen og litt lenger oppe får eit fantastisk utsyn over Norddalsfjorden, og vidare ut over Storfjorden. I rolig turtempo tek turen om lag ein og ein halv time. Ein kan sjølv velje om ein vil bruke slalåmbakken som returrute, eller om ein går tilbake der vi kom i frå. På Storåsnakken er det Stikk UT-post.

Vekas tur startar ved parkeringsplassen ved Hatlestad, der ein svingar av når ein skal til Rellingsætra. Der i frå blir det om lag 500 meter med asfalt før vi når turen sitt eigentlege startpunkt. Det er plass til ein eller to bilar der råsa startar.

Frå ferjekaia i Eidsdal bør ein rekne 20 minutt køyring. Frå Eidsdal sentrum/ferjekai følgjer du fylkesveg nordaustover mot Norddal, ca 5 km. Du svingar oppover i bygda ved butikken og køyrer i om lag 2 km før du svingar mot høgre over ei bru ved Engeseth. Du held fram på asfaltert veg heile vegen opp til Hatlestad, ca.4 km. Parkeringsplassen ligg på venstre side av vegen, om lag 200 meter eit klyngetun som ligg på høgreside av vegen. Ferje frå Linge kl 1720.

Turleiar er Norddal IL/Pernille Dale (tlf 93683168)

Vel møtt på tur!
 

NB! Bytte av turar: Det var opprinneleg planlagt kulturvandring på Bjørstad denne dagen, men den vandringa er bytta med denne og difor flytta til 16. juni.
 

Torsdag 9. juni er du invitert til ein spennande tur til Korsneslia på sørsida av Tafjorden. Nytt høvet til å oppleve den fråflytta fjordgarden Korsnes og setra som høyrer til garden. På grunn av planlegging av båtskyss ønskjer vi helst påmelding kvelden før til turleiar Mette Marie Døving, tlf 91819187. Eigenandel for båtskyss. Atterhald om godt ver på fjorden (alternativ tur vil bli sett opp).

Vekas tur 2016 (PDF, 151 kB)

 

Vekas tur til Muldalsfossen26.5.16.jpg - Klikk for stort bilete

Sist endra 01.06.2016