Veka tur til Brekkå

IMG_4042.JPG - Klikk for stort bilete Torsdag 11. juni går turen til Brekkå ved Brekkevatnet i Valldal. Oppmøte på Valldalssetra kl 1800.

IMG_4047.JPG - Klikk for stort bilete

Vekas tur er til Brekkå ved Brekkevatnet ovanfor Myklebustsetra i Valldal. Parkering og start på Gamlereiten fremst på Valldalssetra, (450 moh), kl 1800. Bomveg. Ta av frå hovudvegen rett ved brua på Myklebust.

 

Frå Valldalssetra følgjer vi vegen til Myklebustsetra, går om lag midt over seterreiten og finn skilta der råsa startar ved nokre fjøsruinar. Første del av turen går i lett terreng før vi kryssar elva og tek til på ei bratt stigning. På toppen er det fin utsikt ned til bygda, heilt til Døving. Herifrå er det ein kilometers gange fram til Brekkevatnet (775 moh) med nokre kringliggjande hytter.

 

Vi tek den tida vi treng og reknar med å bruke ein god time opp. Det er snø siste del av turen, så kanskje ein bør ha med truger, eller vi snur viss snøen blir eit problem. Gode sko er i alle fall viktig.

 

Brekkevatnet er også Stikk UT-post, men turmålet er førebels ikkje opna på grunn av snø. Om mogleg kan Stikk UT-posten bli opna på vekas tur. Der er også trimpost for Valldal IL. Ferje frå Eidsdal kl 1715.

 

Turleiar er Valldal IL/Kjersti S. Magnussen.

Alle er velkomne til å delta på vekas tur, både store og små og både dei som bur i Norddal og dei som bur i andre kommunar. Vel møtt!

Neste vekas tur er til Ansok - Klevberg - Hammaren i Liabygda måndag 15. juni.

Oversikt vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)