Vekas rundtur Alstad - Grønning

Skjersura.jpg - Klikk for stort bilete Måndag 13. juni er du invitert på ein fin rundtur frå Alstad til Grønning. Oppmøte på Gudbrandsjuvet kl 1800. 

Heilag Olav opning pilegrimsled - Klikk for stort bilete

Oppmøte på parkeringsplassen på Gudbrandsjuvet kl 1800. Dette er ein fin rundtur som følgjer Olavsvegen gjennom Skjersura fram til Grønning, og tilbake til Alstadsætra på andre sida av Valldøla. Vi passerer trimposten til Valldal IL langs Olavsvegen, og det er høve til ein avstikkar til Stikk UT-posten på gamlevegen langs elva. Dette er ein fin tur i lett terreng, hovudsakleg langs rås – gjennom den mektige Skjersura, mellom bjørkelauv og elvasus. Elva Valldøla går stor og fossar nedover no i snøsmeltinga. Siste del av turen går på grusveg nedatt til Gudbrandsjuvet.

 

Turen passerer også Olavshellaren og Olavskjelda, som er kjent frå Heilag-Olav si ferd gjennom Valldalen i 1028/29. Pilegrimsleia mellom Valldal og Dovrefjell følgjer også Olavsvegen.

 

«Heilag-Olav drog så vidare til Alstad, der han overnatta. Morgonen etter tok folka til å rydde veg vidare gjennom Skjersura, men mot kvelden kom dei motlause tilbake, utan å ha lykkast. Den neste natta bad kongen inderlege bøner, og straks det vart dag gav han ordre om å prøve ein gong til, men like dårleg gjekk det. Kongen sjølv drog så opp til Skjersura, la av seg kappa og sa at dei skulle freiste ein gong til. Og no flytta tjue mann så langt dei ville dei steinane som ikkje hundre mann hadde greidd å rikke før, og vegen vart rydda til middag for både folk og kløvhestar.

Kongen overnatta  endå ei natt ved ura, ved den staden som Snorre kallar Olavshellaren. Ved hellaren er ei vasskjelde, og der vaska han seg. Kjelda er etter det kalla Olavskjelda. Neste dag kryssa hæren Skjersura og nådde fram til ei sæter på Grønning, og overnatta der. Også her skjer det mykje, før dei neste morgon dreg over fjella mot Einbu på Lesjaskog.» (henta frå Snorre si kongesoge)

 

Turen tek 2-3 timar og passar for alle aldersgrupper. Det er lurt med gode sko. Ferje frå Eidsdal kl 1715. Turleiar er Andreas Håvoll/øvre Valldal grendelag (tlf 91889745).

Nytt høvet til å bli betre kjent i kommunen vår. Bli med på tur! Vel møtt!

 

Det blir tilbod om fleire turar framover på lange, lyse junikveldar. Torsdag 16. juni inviterer ordføraren til kulturvandring på Bjørstad, og måndag 20. juni tek Valldal IL oss med til trimposten sin på Tafjordsetra.

Sist endra 10.06.2016