Vekas tur 2016

Vekas tur til Veibergsetra 18.6.15 - Klikk for stort bilete Vekas turar startar opp med ein rundtur i Norddalsbygda torsdag 19. mai kl 1800. Turane går til ulike turmål i Norddal kommune, kort og langt, bratt og flatt.

Badeliv - Klikk for stort bilete

Norddal IL inviterer til storrunden - ein tur rundt bygda Norddal.

Møt opp på Grendahuset i Norddal litt før 18.00. Turen går opp Gamle Hatlestadvegen mot Gjæra, og innom Stikk UT-turmålet Kroken. Denne delen går på ein grasdekt kjerreveg omgitt av beitemark. Her er ei stigning på om lag 400 høgdemeter fordelt på om lag 2 km. Dersom ein vil kan ein snu når vi kjem opp til fjellgarden Gjæra, og returnere same veg som vi kom.

For dei som har lyst på ein rundtur går vegen vidare ned til Prestegarden langs bilvegen. Frå Prestegarden går vi grusvegen Øvre, ned til Dale. Er vi heldige vil vi få ei herleg kveldssol på denne delen av turen. Frå Dale følg vi bilvegen ned til sentrum og vidare tilbake til startpunktet ved Grendahuset.

Truen er variert både med tanke på stigning, underlag og vegetasjon.

Vi vil gå i eit roleg tempo, så turen passar for alle som klarer å fote seg på grusveg og i motbakkar. Runden er om lag 7 km lang, og vi reknar knappe to timar på turen. Dette er inkludert pausar.

Vel møtt til ein koseleg ettermiddagstur!

Ferje frå Linge kl 1740. Om du har spørsmål til turen så ta kontakt med turleiar NIL/Pernille Dale tlf 93683168.

Torsdag 26. mai kl 1800 går turen til utsiktspunktet ved Muldalsfossen. Kjentmann og hsitorieforteljar er Astor Furseth.

Vel møtt på tur!

Vekas tur 2016 (PDF, 151 kB)

Sunnmøre friluftsråd gir kvart år ut Naturlos (PDF, 7 MB) - ei oversikt over organiserte turar i medlemskommunane.