Vekas tur i Tafjordfjella

26 deltakarar på veks tur til Kastesetra 25. juni 2015. - Klikk for stort bilete Torsdag 2. juli går turen til Saudebotn i Tafjord, med høve til å sjå inn i ein kraftstasjon. Oppmøte og parkering på Kaldhussætra kl 1800.

Mot Storvik ved Kaldhussætervatnet - Klikk for stort bilete

Turen starter på Kaldhussætra, 580 moh., og så går vi anleggsvegen opp lia til Fossane på ca  900 moh. (ca. 1 time). Derifrå følgjer vi anleggsvegen vidare til Saudebotn på ca. 920 moh. (ca 0,5 t).

 

Turen frå Kaldhusætra til Fossane er relativt bratt grusveg og deretter slakt mote og flatt vidare til Kraftstasjonen Tafjord 7 i Saudebotn. Heile turen går på grusveg.

 

Undervegs har vi fin utsikt fram Storkaldhusdalen, mot Illstigen og Slettdalen og til dei høge fjella rundt Kaldhussætra slik som Heregga, Storfjellet, Langegga og Fetegga.

 

I Saudebotn tar vi kaffirast og det vert muligheit for å sjå inn i kraftstasjonen Tafjord 7.

 

Undervegs vil det også bli orientert om dei fine turmuligheitene i dette området og om arbeida som er utført i området i samband med kraftutbygginga i Tafjord.

 

Dersom det er nokon som ønskjer å bli med, men som ikkje klarer å gå den bratte vegen opp til Fossane, kan det ordnast slik at dei får skyss med bil på denne strekninga. Gi i så fall beskjed til turleiar innan same dag kl 1500.

 

Turen tek 3-4 timar. Ferje får Eidsdal kl 1700.

Turleiar og kjentmann er Tafjord Ungdomslag/Oddbjørn Lianes (tlf 91385791).

 

Bli med på ein spennande tur i Tafjordfjella! Vel møtt!

 

Torsdag 9. juli går turen til Kjellsura i Norddal.

NB! Vekas tur som var planlagt til Skarfjellenden måndag 6. juli blir avlyst pga snøforholda i fjellet.

Vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)

Sist endra 02.07.2015