Vekas tur til Ansok

Friluftslivets_ar_elementer_2_green_CMYK.JPG - Klikk for stort bilete Bli med til Liabygda måndag 15. juni. Utsiktstur Ansok - Klevberg - Hammaren. Oppmøte kl 1800. Ferje frå Eidsdal kl 1740.  

Vekas tur til Brekkå 11.6.15 - Klikk for stort bilete

Vi tek turen til nabobygda. Turen startar frå Lomingsmia, ein lunneplass på høgre side eit lite stykke på vegen frå Ringset mot Ansok. Der er parkeringsplass til 8 – 10 bilar, i alle fall dersom nokre av dei er litt høge under. Oppmøte kl 1800.

Første del av turen går på grusveg, først litt oppoverbakke til vegens høgaste punkt, så litt variert og nedover til gardane på Ansok (257 moh.), der Oddmund Ansok framleis driv med sau.

Derifrå går turen oppover på ein smalare og no grasgrodd gammal veg til vi kjem til grinda inn til Klevberg, ein fråflytta men godt vedlikehalden gard. Rett før grinda til Klevberg tek vi ein skilta og god sti oppover til høgre. Denne går vi på i ca. 15 – 20 minutt (10 dersom vi går fort!), så er vi oppe på Hammaren, ein øydegard frå 1748, men no svært velhalden hytte.

Her blir det kaffirast før vi snur og tek same vegen ned att. Dersom nokon ynskjer å gå lenger så er det skilta og god sti vidare til mellom anna Klevbergsetra, kanskje ein liten halvtime å gå dersom du held brukbart tempo.

Turen tek om lag to timar og passar for både store og små.

Turleiar er Tordis Nesse/Liabygda IL (tlf 97077164). Ferje frå Eidsdal kl 1740.

Bli med og nytt høvet til å bli betre kjent i Liabygda!

Alle er velkomne til å delta på vekas tur, både store og små og både dei som bur i Norddal og dei som bur i andre kommunar. Vel møtt!

Torsdag 18. juni blir det setretur i Eidsdal og måndag 22. juni går turen til Djupdalen i øvre Valldal.

Vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)