Vekas tur til Kastesetra

Vekas tur til Veibergsetra 18.6.15 - Klikk for stort bilete Torsdag 25. juni kan du oppleve Kastesetra på sørsida av Tafjorden. Påmelding til turleiar innan same dag kl 1200.

Vekas tur til Djupdalsstølen 22.6.15 - Klikk for stort bilete

Turen startar med båt frå Fjørå til den nedlagte fjordgarden Osvika. Husa på begge bruka i Osvika er velhaldne og i bruk som fritidsbustadar. På dei fråflytta gardane Kvennhusneset, Osvik, Litlehjellen, Kastet og Korsnes, på sørsida av Tafjorden, levde om lag 40 menneske under krigen. Osvika blei fråflytt i 1952. Dei siste som dreiv garden for fullt var Klara og Johannes Osvik. Kastet blei fråflytt litt seinare, i 1956. Det blei tungt å drive slike einbølte gardar, og ikkje minst var skuleskyssen tungvint, særleg om vinteren med sjøis.

 

Frå kaia følgjer vi den gamle vegen (bilveg 100 m!) forbi begge tuna og opp på Kleiva. Derifrå går råsa ganske bratt rett oppover, men det er fint å gå. Råsa er delvis sikra med rekkverk og opp ein hammar er det god trapp. Grei rås, men bruk gode sko/fjellsko. Det siste stykket før ein kjem opp er det spesielt fin furuskog. Stølen er forholdsvis stor og flat og ligg på knappe 500 moh. Kastesetra var seter for Kastet og for Litlehjellen i Osvika. Her står to godt bevarte sel. Turen opp til setra tek om lag ein og ein halv time inkludert stopp undervegs. Ta gjerne med niste og kaffi til ein rast på setervollen.

 

Turleiar og vegvisar er Mette Marie Døving/Valldal Bygdekvinnelag.

 

Båtskyss frå kaia i Fjørå kl 1700. Båten går fleire vender etter behov.
Eigenandel. Betal ombord.
Påmelding til turleiar på tlf 918 19 187.
NB! Atterhald om lagleg ver!

 

Nytt høvet og sjå deg rundt på sørsida av Tafjorden.

 

Vel møtt på tur!

 

Måndag 29. juni er vekas tur ein rundtur i øvste Fjørå.

Vekas tur 2015 (PDF, 80 kB)